JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Diktet: Trygve Skaug

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Thomas Andersen / TV 2 / NTB

Foto: Thomas Andersen / TV 2 / NTB

2146
20220401
2146
20220401

Trygve Skaug, heiter Noregs bestseljande poet i dag. På lista over dei femten bestseljande poesibøkene i Noreg tronar Skaug med to diktbøker. Skaug er artist, men han er òg kjend som ein av dei nye «Instagram-poetane», med over 200.000 fylgjarar på Instagram. Det er fyrste gong på tretti år at diktarar atter er på salstoppen i norske forlag.

Instagram-poetane var fyrst haldne utanfor det gode selskapet. Diktet attmed er frå 11 millioner Bugg (2013), med Fashion Moves Litterature som utgjevar. Men no kjem Instagram-poetar ut på store forlag – men enno utan å bli kjøpte inn av innkjøpsordninga. Det er heller ikkje rart. Kritikarar og eldre lyrikarar kallar dette ikkje-poesi og Skaug «litteraturens Samantha Fox».

Men sjølvsagt er dette poesi. Problemet i Noreg, særleg kring tusenårsskiftet, er at lyrikk vart definert for strengt. Berre den akademiske, språkkritiske poesien var poesi. Heldigvis har det skjedd ei opning av feltet. Somme kritikarar har òg peika på at denne typen lyrikk alltid har eksistert, nemleg i epigrammet, kortdiktet.

Eg vil samtidig peike på ein annan sjanger, brukslyrikken, særleg slik han kjem fram hjå Arnulf Øverland, som kjem høgst når Noregs mest populære diktar skal kårast. Eit av Øverlands mest kjende dikt er «En hustavle» frå 1929. Eg siterer den siste strofa: «Ingen kan resten av tiden/ stå ved en grav og klage/ Døgnet har mange timer/ året har mange dage». Dette diktet kunne like gjerne ha vore frå ei av Skaugs bøker. Øverlands og Skaugs dikt har det sams at dei spelar på daglegdagse uttrykk for å fremja klåre, nyttige og terapeutiske bodskapar: Grip dagen og sjå ljost på livet!

Den religiøse termen «hustavle» er interessant. «(Kort) samling av levereglar for medlemer i ein huslyd», heiter det i nynorskordboka. Før hang hustavlene på veggen som fliser eller dukar med bibelsitat og ordtak. I dag heng dei som magnetar på kjøleskåp, dei står på kaffikoppar eller som visdomsord på Instagram. Nihil sub sole novum est.

Ronny Spaans

Timing

– Er det ikke litt for tidlig

å si at du elsker meg, sa hun

– Er det ikke litt for seint

å be meg om å la være, sa han

Trygve Skaug

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis