Blåmann-songaren
Eg skulle ønskje eg hadde fleire fun facts om Jon Fosse. Eg kunne hatt bruk for dei no.
Alfred og Samuel, Ragnar Hovland og Jon Fosse som skodespelarar.
Foto: Privat
Eg skulle ønskje eg hadde fleire fun facts om Jon Fosse. Eg kunne hatt bruk for dei no. Men – ein får vere glad for det ein har, som dei gamle brukte å seie i tilsvarande situasjonar. Tilsvarande og tilsvarande, forresten, eg veit ikkje kor mange av dei som fekk i oppgåve å skrive noko både passeleg lettbeint og respektfullt om Jon Fosse.
Det finst eit bilde som har gått viralt, som det heiter, i seinare tid. Der kan ein sjå Jon Fosse i hundedrakt og underteikna i bjørnedrakt, sitjande i ei diger pappøskje, i samband med lanseringa av barneboka mi Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlét pappkartongen. Jon har sagt at det er einaste gongen han har prøvd seg som skodespelar, og han meinte at vi begge kom godt ut av det.
Den uhøgtidelege Fosse stod også fram i 2011, då eg var med i Vestlandsrevyen (som var ein revy og ikkje eit nyhendeprogram) og fekk komme i Grotten og intervjue han i Fantomet-drakt. (Og humoren i bøkene til Fosse er vel framleis litt underkommunisert?)
I dag har Jon Fosse og eg eit fast ritual: Vi møtest to gonger i året, vår og haust, på Kaffistova i Oslo og drikk eit par koppar kaffi og pratar. Og svært lite av det handlar om litteratur. No måtte eg høyre med Jon om han tør å vise seg på Kaffistova meir etter den siste vekas hendingar, og han svarte at vi kanskje må flytte til eit anna etablissement. Eg seier ikkje kor.
Eg møtte Jon Fosse første gong det året han debuterte, i 1983, på eit seminar som Det Norske Samlaget arrangerte på Kiel-ferja(!), ein typisk Sverre Tusvik-idé. Her markerte Fosse seg som ein opposisjonell, ein som våga å stå for sine meiningar, og som særleg gjekk i rette med litteratursynet til Kjartan Fløgstad!
Seinare har eg hatt etter måten mykje med Jon å gjere. Eg var konsulent på dei fleste av dei tidlege bøkene hans og skreiv fråsegner så samvitsfullt eg klarte. (Desse ligg no i Fosse-arkivet i Standebarm.) Jon skreiv tilbake og sa at han hadde lese fråsegnene, men han kom ikkje til å ta noko omsyn til dei små innvendingane mine. Det skulle bli slik han hadde tenkt det sjølv.
Nokre år seinare var vi kollegaer i om lag fem år som lærarar på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Rolf Sagen hadde starta dette, og han kalla inn Jon Fosse og meg som lærarar han kunne stole på! Jon var her ein streng, men rettferdig lærar, og han var ikkje redd for å komme med kvass kritikk og lage dårleg stemning. Men alt i alt trur eg dei fleste studentane har gode minne om Jon som lærar. Ein av dei tidlegaste studentane våre, Karl Ove Knausgård, har i bind 5 av romanserien Min kamp skildra året sitt på Skrivekunstakademiet, der dei to lærarane er blitt romanpersonar. Og eg vil seie at vi kjem ganske bra ut av det. Han legg vekt på at vi var svært forskjellige, men at det var tydeleg at vi likte kvarandre.
Så var året blitt 1998. Jon og eg skulle til Köln i november, på diverse litteraturarrangement, sidan vi begge hadde bøker ute på tysk dette året. (Trur det var Melancholia for Jon sin del.) Eg hadde nyleg vore gjennom ein kreftoperasjon og var enno ikkje heilt rekonvalesert etter seks veker på sjukehus, men hadde fått stadfesta frå helsevesenet at det var forsvarleg for meg å dra. Jon ringde meg dagen før avreise og hadde ikkje lyst til å dra, han reiste jo så mykje, og spurde meg om eg ville bli svært lei meg om han ikkje blei med. Eg sa eg ville bli det, og då lova han likevel å reise. Og det blei eit fint opphald med opplesingskveld og skulebesøk og gode måltid og mykje prat. Så takk, Jon!
Eg har, som sikkert mange andre, undra meg litt over dette med Jon Fosse og katolisismen, men han har forklart det for meg, og eg trur eg forstår det til ein viss grad no. Eg måtte likevel spørje han ein gong: Men alle desse helgenane, Jon, kva er det med dei? Og han svarte: Dei er ikkje viktige. Dei bryr eg meg ikkje om.
Det kan truleg seiast mykje om Fosse og musikken, men det er ei kjend sak at han spelte til dans (med gitar) i ungdommen. Og eg, og mange med meg, fekk høyre han framføre den gamle Lead Belly-låten «Cottonfields», på gitar og vokal, saman med bandet Dei Nye Kapellanane, ein gong på 90-talet.
Og til slutt, som ein liten kremtopp på det heile: Eg har fleire gonger hatt gleda og æra av å syngje duett med Jon Fosse. Det var alltid same songen: «Blåmann, Blåmann, bukken min». Det var vår signatursong, og det var alltid eit folkekrav om at den måtte framførast i godt lag der (særleg nynorsk-)folk ferdast. Mange minnest framleis desse vidgjetne duettane og vil hevde at det var vedkjømeleg vakkert.
Og med dette forlèt eg hunden Fosse for denne gongen, ein kar du kan stole på og, altså, ein forfattar i verdsformat.
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement