JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Lidenskap for humor

Lars Berrums podkast er nominert til Humorprisen for morosamaste podkast i 2019. Likevel ser Berrum på seg sjølv som ein undergrunnskomikar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Berrum starta på ei utdanning som sjukepleiar, men lever av humor no.

Foto: Martin Beyer-Olsen

7483
20200117

Bakgrunn

Lars Berrum

Fødd 2. juni 1986, oppvaksen på Bærums verk, bur i Oslo

Standupkomikar og tidlegare programleiar i NRK

Har podkasten Berrum og Beyer snakker om greier saman med Martin Beyer-Olsen

Lytt til artikkelen:

HUMOR

emmajrodli@gmail.com

Lars Berrum har tatt turen til USAs vestkyst saman med partnaren Martin Beyer-Olsen. Dei skal stå på scena i San Francisco med humorframsyninga Cülture Elité, som blant anna inneheld ein ti minutt lang høgreekstremistisk monolog.

– I dag lagar folk Breivik- og 22. juli-vitsar i standup. Då showet hadde premiere i 2016, var det lite av det. Monologen vår er ganske beinhard også i dag. Nokre publikummarar gjekk frå framsyninga i Edinburgh. Vi gjer ein humoristisk vri på at vi valde ei høgrevridd regjering to år etter at ein høgreekstrem person skaut så mange menneske. Det er eit interessant poeng, og vi harselerer med det, ikkje med handlinga Breivik gjorde.

Luftar ut

Når han går inn i omstridd tematikk, ønsker Berrum å vere smartare enn den kontroversielle tankegangen han lagar humor av. Han meiner at vitsar om vanskelege tema som får dårleg mottaking av publikum, ofte er for dårlege eller for enkle.

– Er det riktig å tulle med alt?

– Ja, eg meiner det. Det er ein klisjé, men å tulle er ein måte å ventilere ei sak på for meg. I tillegg kan du kaste lys over tema med komikk. Men samanlikna med andre komikarar er eg forsiktig med kor viktig eg påstår at humor er for samfunnsdebatten.

Cülture Elité hadde premiere på Parkteatret i Oslo i 2016. Då var showet på norsk, under namnet Kultureliten. I sommar reiste Berrum og Beyer-Olsen til humorfestivalen Fringe i Edinburgh med ein versjon omsett til engelsk.

– I showet har vi tatt posisjonane til to stereotype kulturelitistar. Dei snakkar om turar til Bordeaux i jakta på den beste vindrua, er opptekne av kaffi og brukar høghalsa genser. Då vi laga showet, såg det ut til at Donald Trump skulle bli president. Det var mykje snakk om ei redsle for eliten. Det er gøy, for kven er eliten?

Frå pleie til standup

Saman med Martin Beyer-Olsen lagar Berrum podkasten Berrum og Beyer snakker om greier. Der snakkar dei om eige liv, nyheiter og humor. Dei to vart kjende med kvarandre i 2010.

– Eg hadde akkurat starta med standup og låg og vakte mot performancekunst. Det var ikkje mange som skjønte eller likte det eg gjorde. Men Martin likte det og ville ha meg med som gjest i radioprogrammet sitt i NRK P3. Etter det samarbeidde vi i NRK.

Den gongen studerte Berrum for å bli sjukepleiar. Han har fleire år med arbeid i helsetenesta bak seg, og han saknar jobben.

– Eg er einebarn og driv jo med det eg driv med. Det har gitt meg narsissistiske tendensar og stor tru på at det eg har inni meg, må ut. Eg vil gjere meir på scena, men saknar å gjere ein jobb der eg har innverknad på livet til andre. Eg innbiller meg ikkje at det kjem folk på showa mine som har det ille, og at eg endrar livet deira med humoren min.

– Du lever av humoren no?

– Eg lever ikkje like bra som Martin, men eg lever av humoren.

– Ja, for karrierane dykkar har tatt litt ulike vegar?

– Martin fekk fortsette i NRK fordi han har større potensial enn eg. Hadde eg teke avgjerdene, ville eg tatt det same valet. Eg kan ikkje eingong spele ein karakter. Om eg kan fortsette på små scener, er eg nøgd. Men om spenninga rundt meg som undergrunnskomikar stilnar, er eg på heilt bar bakke. Martin kan leve vidare etter at det har stilna.

Språkproblem

Sjølv om karrieren hans ikkje har skote i vêret, blir humoren Berrum lagar, lagd merke til. No er Berrum og Beyer snakker om greier nominert til Humorprisen for årets morosamaste podkast i 2019.

– Kva gjer at folk synest de er morosame, trur du?

– Vi har god kjemi. Når vi improviserer, kan det høyrast ut som om det er skrive på førehand, fordi vi legg opp til kvarandre. Somme seier det kjennest som om dei sit saman med oss når dei høyrer på podkasten. Eg skjønner ikkje at det slår an i 2019, for det var det folk likte då podkastformatet kom. Vi treng ikkje fleire duoar av kvite menn med god kjemi, som skapar kjensla av at lyttaren er der saman med oss.

­– I tillegg vil eg seie at mykje av humoren ligg i korleis du brukar språket? Du brukar nokre omgrep feil og kan ha problem med å forklare deg?

– Ja, sånn er eg er privat også. Vennane mine synest det er gøy, for det er så merkeleg. Martin har prøvd å få det fram på radio tidlegare, men då kjentest det tilgjort. Podkasten er faktisk det einaste formatet det har kome fram i, fordi vi pratar så lenge. Dessutan veit Martin korleis han kan bruke det.

– Det kjem også fram i podkasten at du slit litt med engelsk. Korleis går det når de skal gjere ei heil framsyning på engelsk?

– Eg er ikkje den beste i engelsk, men det går betre og betre for kvar framsyning. Det har roke fleire gongar på scena. Eg kan seie eit norsk ord eller noko som er heilt feil. No går det nedover med meg blir til now it’s walking down with me, og det skjønner jo ingen noko av. Men Martin plukkar det opp, og då ler folk når dei forstår. Eg er avhengig av samhandling, både for å bli forstått som menneske og i humoren.

Standup som forsvinn

Då den første Humorprisen vart arrangert i 2019, fekk prisen kritikk av mellom andre komikaren Sigrid Bonde Tusvik for å vere for lite inkluderande når det gjaldt kjønn og folk med minoritetsbakgrunn. Det var stort sett berre kvite menn som vann prisar.

– Kva synest du om kritikken Humorprisen fekk i fjor?

– Eg var i juryen sjølv. Vi tok kanskje for lett på det, for ingen hadde eit overordna ansvar for det etiske. Juryen fekk beskjed om å stemme på dei vi syntest var morasamast. Resultatet vart at mange kvite menn vann prisar. Vi får lære av det til neste gong.

– Du deltok i debatten med ein kronikk i Natt og Dag i etterkant?

– Sjølv bryr eg meg ikkje så mykje om Humorprisen, men eg synest det er viktig å peike på problem i grasrota og komme med forslag til korleis ein kan endre dei. Som etablert komikar, som fleire av kritikarane er, har ein høve til å påverke utviklinga og bidra med tilbod som skrivekurs og scenekveldar for å skape eit meir inkluderande miljø. Få gjer sånt. Det gjeld meg sjølv også.

Berrum er lidenskapleg oppteken av standup og det norske humormiljøet. Men no ser han at bransjen utviklar seg i ei retning som han ikkje likar.

– Bra standup forsvinn no, fordi det er eit større produksjonsapparat bak enn når dei set opp Måken på Nationaltheatret. Han eller ho som står på scena, er ein skodespelar som er pen og sjarmerande. Alle brukar tekstforfattarar, og det er ingen som snakkar om det, for dei vil ikkje at det skal komme ut. Det er eit faresignal. Eg vil høyre kva folk meiner om ting, ufiltrert og sett på spissen. Det får ein ikkje når eit team fjernar det som er for drygt, eller det som kan splitte publikum. Då er det ikkje standup lenger, men underhaldning.

I tillegg meiner Berrum det er lite interesse for humor.

– Det er mykje bra som skjer også, men det når ikkje ut til folk fordi det ikkje blir plukka opp av media. Få melder humorframsyningar, og dei som gjer det, kan sjeldan faget. Dei kan sakne musikknummeret til slutt. Det blir som når ein meldar saknar allsongnummeret på ein jazzkonsert.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Bra standup forsvinn no, fordi det er eit større produksjonsapparat bak enn når dei set opp Måken på Nationaltheatret.

Lars Berrum, komikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis