Leonardo da Vinci: Kva ville han med livet?Leonardo (1452–1519) er sjølve lekamleggjeringa av eit renessansemenneske: målar, skulptør, ingeniør, musikar, hoffmann og naturvitskapsmann på ulike område. Det som best samlar dei ulike aspekta ved livsverket ha
Leonardo da Vinci (1452–1519) måla av Cristofano dell’Altissimo.
Leonardo (1452–1519) er sjølve lekamleggjeringa av eit renessansemenneske: målar, skulptør, ingeniør, musikar, hoffmann og naturvitskapsmann på ulike område. Det som best samlar dei ulike aspekta ved livsverket hans, er kanskje den intense viljen til å observere for å forstå, kombinert med den nærast unike evna til å skape eit visuelt uttrykk for det han hadde observert. Til fulle nytta han òg denne evna i måleria sine.
Det viktigaste verket hans?
Utan tvil – hos meg, i alle høve – «Nattverden» i Santa Maria delle Grazie-klosteret i Milano. Den realistiske tolkinga av det velkjende motivet og det psykologiske skarpsinnet i skildringa av korleis apostlane tek bodskapen om at «ein av dykk kjem til å svika meg», gjorde han berømt over heile Vest-Europa. (Så får det vere at dei franske romantikarane greidde å gjere portrettet hans av borgarfrua Lisa til eit kultobjekt.)
Kva meinte han om samtida?
Renessansen var ikkje berre ein periode med eksplosjonsarta bløming innanfor kunst og kultur. Det var i tillegg ei tid med mykje krig og vald. Leonardo arbeidde til dømes eit års tid for den brutale krigsherren Cesare Borgia. Desse røynslene gjorde han skeptisk og heller misantropisk med omsyn til framtida for menneskeslekta, noko som syner seg i dei apokalyptiske teikningane og skildringane han produserte mot slutten av livet.
Kva innverknad hadde han på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.