Landsmålet er ei harpe
Opningstale til Dei nynorske festspela 13. juni 2019
Aasta Hansteen var ein av dei aller fyrste som tok til å skriva landsmål.
Foto: Brun, Divert Dedechen / Oslo Museum
Me menneske forstår verda ved hjelp av forteljingar. Det er ei kjend sak. Me ser føre oss at det eine leidde til det andre som leidde til det tredje, me stiller opp årsaker og konsekvensar og prøver å få det heile til å henga saman. Dersom dei store forteljingane våre går i oppløysing, blir me rådville og utrygge. Me misser oversynet, får kjensla av at alt flyt, og det er ikkje til å halda ut. Difor går me straks i gang med å laga nye forteljingar, men kanskje me denne gongen prøver å laga mange små forteljingar i staden for éi stor.
Språkhistoria er full av forteljingar som skal hjelpa oss med å forstå kva språket har vore gjennom. Språkhistoriebøkene er i grunnen ei samling historier om kva som har hendt med språket til ulike tider, og kven som var innblanda i det. Mange av desse historiene eller forteljingane har som utgangspunkt at språket er eit konkret objekt eller vesen som nokon gjer noko med.
Me kan til dømes tenkja oss at språket er ei plante som me menneske har ansvar for å stella og halda i live. Det er heilt vanleg at norske språkdebattantar argumenterer ut frå ei slik forståing av språket. I ein kronikk våren 2017 skreiv forfattarane Tom Egeland, Finn Iunker og Helene Uri at bokmålsrettskrivinga er eit villnis, altså ein tett og ugjennomtrengjeleg småskog, og dei meinte at det var på høg tid å rydda opp i bokmålet.
Til grunn for argumentasjonen deira låg ei førestilling om at skriftspråket er ein hage, eller kanskje ein del av eit kulturlandskap, og at språkbrukarane er gartnarar. Med det som utgangspunkt fortalde dei tre forfattarane ei forteljing som kan oppsummerast slik: Bokmålshagen har i mange tiår fått for dårleg stell. Språkbrukarane – og spesielt Språkrådet – har vore for slappe med hagesaksa. Dei har ikkje trimma buskane, luka ugraset eller klipt plenen, og no er bokmålet overgrott og vanskeleg for folk å ta seg fram i. Me har svikta som gartnarar.
Det er ikkje vanleg å bruka så mange botaniske uttrykk som det eg nettopp gjorde, men ideen om at språket er eit sjølvstendig, levande vesen, er innarbeidd i oss alle. Det er difor me pratar om daude og levande og utrydningstruga språk, og det er difor me talar om språkrøkt på same måte som me talar om birøkt og fjøsrøkt.
Men lat oss ta ei anna forteljing, ei forteljing om Ivar Aasen og landsmålet, fortald av ei kvinne på eit tidspunkt då landsmålsprosjektet framleis var i startgropa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.