Landet som haltar på den eine fotenKaj Skagen har skrive biografien om Noregs indre historie. Konklusjonen lyder: Noreg har mist kontakt med opphavet

– Noreg har mista kontakten med det som skapte nasjonen, seier Kaj Skagen. Han har skrive ein biografi om Noregs indre historie.

Kaj Skagen har skrive biografien om norsk kulturen. Det handlar ikkje om den ytre, men den indre soga om Noreg.
Kaj Skagen har skrive biografien om norsk kulturen. Det handlar ikkje om den ytre, men den indre soga om Noreg.
Publisert

I Europa har kulturell identitet atter kome på dagsordenen. I grannelanda Danmark og Nederland kjem det ut oversikter over den kulturelle kanonen – der er politiske hendingar, bøker og kunstnarnamn lista opp. Om ei slik bok om norsk kultur skulle skrivast, ville det vera naturleg å ta med årstal som 1814 og 1905, saman med Edvard Munch.

No har det kome ei bok på norsk som varslar ein karakteristikk av vårt lands kultur, Norge, vårt Norge. Et lands biografi av Kaj Skagen. Men her er 1905 knapt nemnt.

– Realhistoria med 1814 og 1905 kjenner alle til. Men dei tankemessige og idéhistoriske bakgrunnane for korleis vi ser verda og oss sjølve, er meir uklåre for oss. Korleis hamna vi i dei skarpe konfliktane som pregar samtida vår? Til dømes vart ikkje kristendomen i Noreg berre svekt på 1800- og 1900-talet; han søkk òg i sekulær form inn i det sosiale medvitet. Her ligg ei av forklaringane på kvifor det politiske ordskiftet mellom venstre og høgre er so krast, seier forfattaren.

– Er du ikkje redd folk vil falle av lasset, dei som vil lesa om flagget og stavkyrkjene?

– Nei, lesaren vert varsla alt i føreordet om at dette langt frå er ei skulebok. Alle kan gje to slag handlingsreferat av livet sitt: på basis av ytre hendingar og ei indre utvikling som kan skildrast psykologisk, filosofisk og idéhistorisk. Boka mi er det sistnemnde, men om landet vårt.

Mange vil no tenkje sitt: Kaj Skagen, forfattarar av den illgjetne romanen Bazarovs barn, kjem no med atter eit oppgjer med dei kulturradikale og marxistiske 1970-åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement