Kunst

Kyrkjestriden

SIENA: Krigane mellom italienske bystatar blei utkjempa med våpen og skjold, men òg med hammar og meisel.

Santa Maria Assunta i Siena var den fyrste av dei store gotiske domkyrkjene i Toscana. Dei store runde bogane lengst bak i biletet er del av det som skulle blitt til hovudskipet i den nye kyrkja.
Santa Maria Assunta i Siena var den fyrste av dei store gotiske domkyrkjene i Toscana. Dei store runde bogane lengst bak i biletet er del av det som skulle blitt til hovudskipet i den nye kyrkja.
Publisert Sist oppdatert

SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No i sommar skriv han ut reisedagbøkene sine.

«I året 1003 hende det at ein i heile verda, men framfor alt i Gallia og Italia, byrja å byggja nye kyrkjer, sjølv om mange framleis var godt brukande og ikkje trong reparasjon. Det var ei tevling mellom byane; verda reiv dei gamle kleda sine av kroppen for å kle seg i kyrkjas kvite klede.» Dette, som den franske benediktinarmunken og kronikøren Rudolf Glaber (985–1047) skreiv i samtidshistoria Historiarum, uttrykkjer den nye ånda som fór over verda hans etter tusenårsskiftet.

Denne ånda avla monumentalkyrkjer som har stått i nærare 1000 år, enten i si opphavlege form eller som kjernen i seinare bygg. I Toscana byrja det heile i 1063 med domkyrkja i Pisa (kyrkja med det skeive tårnet). Storleiken, dei klassiske detaljane og dei kvitkledde marmorveggene skulle bli førebiletet for ei rekkje andre kyrkjebygg i denne delen av Italia, mellom anna i Siena.

Stendig rivalisering

For Siena kom overgangen frå hierarkisk føydalsamfunn til kommunalt handelssamfunn i byrjinga av 1100-talet. Sienesarane var blitt rike og sjølvsikre – dei oppnemnde konsular og tvinga adelsfamiliane til å sysla med handel innanfor bymurane, slik som dei sjølve. Men rikdom og sjølvstyre var ikkje nokon garanti for fred. Dei nye italienske bystatane, som enten stødde paven eller keisaren, låg i stendig rivalisering om landområde og trafikknutepunkt; dette var avgjerande for å sikra seg landbruksprodukt og tollfridom.

Sjølvsagt var dette òg ein prestisjekamp, og den blei ikkje berre avgjord på slagmarka. «Tevlinga», som Rudolf nemner i krønika si, var ein krig utkjempa med hammar og meisel, der arkitektane tok plassen til generalane og steinhoggarane fungerte som fotsoldatar. Og her eg står på Sienas domkyrkjeplass, har eg det fremste resultatet av denne striden framføre meg: Cattedrale Metropolitana di Santa Maria Assunta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement