Kyrkjeforvirring i Bygland
Bygland er ein kommune på Agder. Han har under 1200 innbyggarar, og det har vore minkande folketal i mange år. Men noko vert det ikkje færre av: kyrkjebygg.
Austad kyrkje, som no er stengd.
Foto: Olav Grendstad
I Bygland kommune er det heile seks kyrkjebygg: fire kyrkjer, eit kapell og eit klokketårn. Det er ikkje så lett med alle desse kyrkjebygga. Det kostar å halde dei opne, dei har små kyrkjelydar, men det mest utfordrande er kan hende namna.
Dette fekk sjølve biskopen erfare på visitas, han som er øvste leiar for verksemda i alle desse bygga. På eit kveldsmøte i Bygland skulle han seie at han kom attende til sundag for å ha gudsteneste, og sa det skulle vere i Åraksbø kyrkje. «Sandnes», vart det ropa frå salen. «Orsak», sa biskopen, «gudstenesta skal vere på Sandnes.» «Nei, ikkje på Sandnes, i Åraksbø», vart det ropa frå salen. «Ja, i Åraksbø i Sandnes», sa biskopen. «Nei, nei, nei», sa det frå salen, og så måtte leiaren i soknerådet kome inn og avklare.
Saka er den at Sandnes kyrkje i 1935 vart flytt frå Sandnes til Åraksbø av di det var der dei aller fleste i soknet då budde. Men sjølv om ho vart flytt, skifta ho ikkje namn. Difor ligg Sandnes kyrkje i Åraksbø. Det er altså ikkje noko som heiter Åraksbø kyrkje.
Etter at den gamle kyrkja vart flytt frå Sandnes, kom det opp ei ny, mindre kyrkje på staden. Men den kunne sjølvsagt ikkje heite Sandnes kyrkje. Sidan det er ei mindre kyrkje, fekk ho difor namnet Sandnes kapell. Så det er altså to kyrkjebygg i Bygland som heiter Sandnes. Kapellet ligg på Sandnes, medan kyrkja ligg i Åraksbø.
På Tveit ligg det òg ei kyrkje, men ho heiter ikkje Tveit, men Austad. I samband med oppføring av ny kyrkje i 1880 vart kyrkjestaden flytt frå Austad til Tveit, men namnet på denne kyrkja vart heller ikkje endra.
På Austad kom det òg opp eit nytt kyrkjebygg etterpå, men det er ikkje ei heil kyrkje. Det vart oppført eit klokketårn, som det var meininga etter kvart skulle verte til eit kapell. Men så kom ein ikkje lenger. Det heiter likevel Austad kapell, men det er i utsjånaden berre eit klokketårn. Men det kan brukast som kapell. Uansett, det ligg i alle høve på Austad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.