Kunst

Kvintetten på rådhusplassen

CREMONA: Den 2200 år lange byhistoria byr på meir enn berre fiolinar. Under jorda skjuler det seg romerske mosaikkar, og kring rådhusplassen står fem monument frå stordomstida i mellomalderen.

Romansk på Piazza del Comune: det 112 meter høge klokketårnet Torrazzo, domkyrkjas vestfront og det åttekanta baptisteriet (t.h.).
Romansk på Piazza del Comune: det 112 meter høge klokketårnet Torrazzo, domkyrkjas vestfront og det åttekanta baptisteriet (t.h.).
Publisert Sist oppdatert

SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No i sommar skriv han ut reisedagbøkene sine.

Det er handverket som gjer Cremona til ein av dei mest sympatiske og truverdige byane i Italia. I fem hundre år har dei stolte, men venlege cremonesarane verna om handverkstradisjonane sine – jugl og falskneri av typen som lokkar turisten til å gå på limpinnen når han skal kjøpa «ekte» muranoglas i Venezia, er det lite av. Apropos Venezia: Lagunerepublikken hadde på 1500-talet ry på seg for å vera Europas beste til å byggja treblåseinstrument, eit omdøme som for lengst er historie.

Annleis er det med Cremonas viktigaste handverk, strengeinstrumentbygginga. Her var det den moderne fiolinen såg dagens ljos på 1500-talet. Meisterstykka til Amati-, Stradivari- og Guarneri-familiane har i hundrevis av år blitt etterlikna av fiolinmakarar over heile verda. Men cremonesarane har halde på integriteten, for det er framleis ein særskilt dåm over ekte Cremona-fiolinar, som blir laga her etter strenge handverksreglar. Den dag i dag held 150 fiolinmakarverkstader til i Cremona – sjå føre deg dette i ein by på storleik med Kristiansand.

Fiolinmuseum

Som turistby marknadsfører Cremona seg under slagordet Città del violino e della musica – «Fiolinens og musikkens by». Fleire museum er vigde temaet, og det største og nyaste er Museo del Violino, som opna i 2013 og held til i Palazzo dell’Arte. Bygget frå byrjinga av 1940-åra er i den rasjonalistiske stilen som var populær under fascismen; estetisk sett er det definitivt ikkje er det verste i sitt slag.

Men Cremona byr på meir enn fiolinar i fascist­bygg, sjølv om byen har flust av begge delar. Den over to tusen år lange byhistoria har etterlate seg spor både over og under bakken. Og dei eldste finn me i det arkeologiske museet, som syner romartidsfunn frå ulike delar av byen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement