Diktet

Kven rår over minnet og historia?

Anna Kleiva skriv denne veka om to dikt. Begge frå Mona Høvrings Himlene glitrer.

Publisert

Eg innrømmer at eg har juksa. I staden for eitt dikt har eg valt to, frå avdelinga «Gåter, teorier» i Mona Høvrings Himlene glitrer (2023). Eg klarte ikkje å la vere. Eg gav vel etter for «lettsindigheta». Dikta stod der jamsides midt i boka, og hovudet mitt klarte ikkje å flette dei frå kvarandre.

Høvring er ein prislønt og særeigen poet (som også gir ut romanar); lesaren kan raskt kjenne att dikta hennar både på forma og språket. Ho skriv ein type forteljande dikt, ofte med utgangspunkt i mytologi og eldre litteratur, ofte spørjande som her. Det radikale, eller dialektale, bokmålet er karakteristisk og kjem til syne i ordval som «glømsel».

Når dikt er så korte som desse, kan det gi ein tolmodig lesar meir tid med orda. Eg opplever det her, eg stoppar opp og tenkjer på kva som ligg i ordet «forgå», i ordet «lettsindigheta». Eg seier meg einig i at ho er mektig, og ikkje minst synest eg ho peikar attende til diktet før: I ei verd av våpen og hevn er det som om det lettsindige blir enda sterkare. Det lettsindige framstår fritt, nesten opprørsk?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement