Diktet
Kva er det som gjer at eit dikt på berre to liner fungerer?
Foto: Studio Snorre / Samlaget
Eva Jensen (1955–2016) var ein allsidig forfattar. Ho skreiv barnebøker, poesi, romanar, noveller og essay, og ho arbeidde som skrivelærar og litteraturmeldar (mellom anna i denne avisa). Også innanfor sjangrane var Jensen i rørsle; ho leikte gjerne med etablerte former og kunne gi ei bok nemninga «roman-roman». Diktet over er henta frå debuten hennar, Dikt og tekstar (1984) – ein tittel som hintar om at både humor og sjangerblanding stod sentralt i Jensens forfattarskap.
Kva er det som gjer at eit dikt på berre to liner fungerer, det vil seie gir meg noko? Vanskeleg å definere! Men eg trur det må skje mange ting på ein gong, slik det gjer i dette diktet. Det biletlege: eget som kryp rundt i lakena med eit ønske om å bite. Den raude fargen på lakena, som i dette tilfellet, fordi det er snakk om laken, får meg til å tenkje at det er eit dikt om kjærleik, begjær. Det rytmiske: bokstavrimet og repetisjonen av «rundt» i første vers, rytmen i starten av versa. Repetisjonen og valet av verb: «eg vil»! I løpet av ei svært kort tekst har eget likevel fått meldt ifrå tre gonger om viljen sin (eller lysta si).
Ikkje minst likar eg følelsen eg får når eg les «eg vil ha ein leik» og diktet er ferdig, av at denne teksta også er ein poetikk, ei tekst som seier noko om kva poeten vil skrive. For når ein les Eva Jensen, stemmer det at ho leiker med litteraturen, at ho bit frå seg, at ho (også) skriv om det såkalla intime.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.