JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kunsten å skru seg

Denne helga, laurdag 26. august, er det VM i døds. Her har Asbjørg Nesje – 24 år, trønder og NTNU-student – eit visst press på seg.

Det dreier seg om både mot og estetikk. Her dansar Asbjørg Nesje under VM i døds på Rådhuskaia i Oslo i 2022.

Foto: Torstein Nesje

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7956
20230825
7956
20230825

Ekstremsport

marita@dagogtid.no

Veka før Asbjørg Nesje kastar seg ut frå timeteren i VM i Frognerbadet i Oslo, ligg ho på 8. plass på verdsrankinga. Ikkje berre er ho regjerande verdsmeister i kvinneklassa; tidlegare i sommar vann ho Døds World Tour Utah – over Jon Nyberg, som blei kåra til USA-meister i same meisterskapet, og norske Emil Lybekk, som tronar på rankinglistene.

VM er altså kjønnsdelt, mens andre dødsemeisterskap ikkje er det. I fjor deltok berre tre kvinner. I år blir dei truleg åtte.

– Det er kjekkare å delta i blanda klasse, men vi er få kvinner i dødsesporten, så hadde ikkje VM vore delt, hadde det blitt vanskeleg å få inn fleire, fortel Nesje, på veg heim frå Frankrike, der ho har hatt ferie og sikkert gjort sånt som dødsarar liker, som å hoppe frå bruer og klipper.

No gjeld det å henge i å førebu seg.

– Eg må hoppe frå timetertårn og få inn landinga. Klippehopp er gøy, men det gir ikkje god konkurransetrening, sidan ein har varierande takeoff og høgde. Eg har idear til nye triks, og så må eg trene på dei eg har inne. Det gjeld å ha sin eigen stil, å legge sin eigen touch på det.

Vi bør ikkje røpe kva triks ho har tenkt å gjere, i ei avis som kjem ut dagen før VM, men berre så det er sagt, tar Nesje såkalla 1440-ar – fire rotasjonar rundt sin eigen akse – og 720 med grab. Ho står bak den høgaste 720-en i verda, uavhengig av kjønn, frå ei 24,8 meter høg nedlagd oljeplattform, Albuskjell, der NRK-programmet Norges tøffeste blir spelt inn.

I tillegg var ho den første kvinna som dødsa frå 20 meter, i eit smalt juv ved Trongfossen i Klæbu. I år var ho den første av alle som dødsa frå 20 meter i kuldegrader, også det i Trongfossen.

70–80 km/t

VM har naturlegvis deltakarar frå heile verda, men dødsesporten har lenge vore dominert av nordmenn. Det ligg både i namnet – også i utlandet seier dei døds, og forbundet heiter International Døds Federation – og i tradisjonen: Det skal ha vore Raga Rockers-gitarist Bruno Hovden som heiv seg ut i det første kjende dødset for 50 år sidan, i nettopp Frognerbadet.

Det ein gjer, er altså å kaste seg ut, strekke seg ut og helst gjere eit triks, før ein krøker seg saman like før ein treffer vassflata, slik at ein landar med både fingrar og tær først. Det er tøft å ikkje krøke seg heilt saman, men å lande på magen eller ansiktet, med armane ut eller liknande er farleg. Dødsar ein frå 20 meters høgd, kjem ein opp i ein fart på 70 km/t.

Tore Vaage, som hoppa 31,5 meter i 2021, braut armen, sjølv om nedslaget skal ha vore perfekt. Legen skal ha kalla det idioti, det han gjorde.

– Har det nokon gong gått gale for din del?

– Eg har ikkje skada meg, seier Nesje.

– Ein blir jo blå, særleg på låra, og hoven i fjeset og slikt, og eg har mista pusten, men har verken punktert lunger, sprekt trommehinner eller knekt noko.

– Men når du står der oppe, hamrar vel hjartet, slik det gjer hos folk flest?

– I konkurransar fryktar eg ikkje sjølve hoppet. Eg kjenner heller på presset. Jo større hype, jo større prestasjonsangst. Samtidig nøler eg ikkje. Skal eg gjere noko nytt og skummelt aleine, må eg pushe meg sjølv hardare. Jo fleire vi er som hoppar, jo betre.

Vondt uansett

Miljøet er generelt godt, fortel ho. Folk har ikkje spisse olbogar; dei støttar kvarandre, enten dei er unge eller eldre, ferske eller profesjonelle.

– Og så er det vel tryggare å hoppe frå eit stupetårn, med publikum og eit støtteapparat rundt seg, enn frå ei isete klippe uti skogen, aleine, slik du gjer?

– Akkurat det har lite å seie. Eg hoppar berre når eg veit at det er djupt nok og trygt på alle måtar, og eg har alltid med meg folk som kjenner meg og kan hjelpe meg. I meisterskap er det uansett dødsarane som ser det først, alt i landinga, om nokon treng hjelp. Og vondt gjer det uansett.

Frå 1 til 24 meter

Asbjørg Nesje har ikkje noko trenarapparat, men ho har sponsorar, først og fremst Synnøve Finden. Det har vore få pengepremiar så langt, men sporten veks, særleg i USA, og blir meir og meir kommersiell, à la ski- og snøbrettidrett, kampsport og formel 1, med internasjonale events og TV-sendingar.

Og sjølvsagt speler sosiale medium ei stor rolle. Ein av TikTok-videoane til Nesje, der ho dødsar frå 24,8 meter, har så langt blitt sett 88,3 millionar gongar.

– I fjor laga eg ein adventskalender, fortel ho.

YouTube-videoane med 24 døds, eitt kvar dag, der ho begynte på 1 meter og avslutta med stuntet frå 24,8 meter, ligg ute i såkalla compilations. Og viss du ser henne dødse på TikTok, legg du truleg merke til ein annan video, sett 1,1 millionar gongar, der ho gjer høgtflygande triks på snowboard og «trynar heile tida», som ho sjølv seier.

– Kva er det som har gjort deg så tøff?

– Eg har ein bror som er to år yngre, og vi har alltid hatt dei same interessene, som turn og snowboard, og utfordra kvarandre. Ikkje at vi har konkurrert; vi har gjort kvarandre betre. Det som førte til at eg begynte med dødsing, var at han kom heim ein dag, sommaren 2020, og fortalde at han hadde dødsa frå ei åtte meter høg klippe. Då var det jo ingen grunn til at ikkje eg skulle få det til.

Nokre dagar seinare gjekk dei opp til ti meter.

Matte og fysikk

Der broren ikkje satsa vidare, vann Asbjørg Nesje altså VM i kvinneklassa berre eitt år etter det første dødset. Fordi ho aldri feigar ut, som ho seier.

– Berre hovudet kan stoppe meg. Det er dritskummelt, men når eg først står på toppen, blir det for dumt å snu. Eg kan ikkje vente til eg vågar. Det tidspunktet kjem aldri. Eg må berre gjere det. For meg er det mykje verre å trekke seg enn å hoppe.

At Nesje var turnar i oppveksten, hjelper garantert. Ho har blant anna ein sølvmedalje i junior-EM i teamgym, der kroppskontrollen er avgjerande.

– Då eg begynte å trikse i døds, tenkte eg aldri at eg ikkje skulle få det til. Eg hadde tatt så mange saltoar at rørslene sat i kroppen. Samtidig måtte eg omstille meg; eg måtte avlære meg turnmetoden. Men av erfaring visste eg kva eg kunne få til.

At ho har realfagshjerne, hjelper òg. Dødsing handlar om fysikk. Nesje tar sivilingeniørutdanning i bygg- og miljøteknikk. Ein får jo lyst til å spørje om ho er like viljesterk fagleg.

– Nja. Det har blitt mykje, med studiar og dødsing. Det blir ofte til at eg utset skulearbeidet. Eg er dårleg til å sette meg ned og gjere ting som ikkje er gøy. Og ofte trur eg at det er enklare enn det er. No begynner det å bli så komplisert at eg må legge meir innsats i det.

No tar ho permisjon i eit år for å satse på dødsinga.

Team Nesje

Mens den yngre broren er den ho diskuterer triks og utføring med, har Nesje ein eldre bror som fungerer som ein slags manager.

– Han heiar på meg og får meg til å prøve ut nye ting, og det er stort sett han som filmar og redigerer videoane.

Under YouTube-videoen «Luke 24 | Asbjørgs dødsekalender», der ho kan verke like redd som folk flest idet ho står på brettet og ser ned, kan ein sjå at det er fleire i familien som bidrar. Ved sida av plattformansvarleg Bjørn Carlsen, NRK og politiet i Trøndelag blir både Håvard Nesje, Eivind Nesje, Jenny Nesje, Ingeborg Nesje, Torstein Nesje og Mari Linvik Nesje krediterte.

«Både jeg og kameramenn har fortsatt adrenalinkick etter opplevelsen – håper det smitter litt over på dere seere», skriv ho.

Vel, blant dei mange tusen kommentarane til YouTube og TikTok-videoane ligg det mange «Is she OK?», «Is she alive?» og «Why?!».

Her og der skyt nokon inn at dette er ein organisert idrett. Nesje og andre dødsarar, forbundet inkludert, understrekar jamt over at amatørar ikkje skal prøve på det dei gjer.

– Å seie at vi er dumdristige, speglar dødsinga dårleg, seier Nesje.

– Vi pushar grenser, men vi veit nøyaktig kor skummelt det er. Hoppar eg frå 20 meter, veit eg at det er risikabelt. Vi er opptatte av tryggleik.

Og ja, så langt vi veit, er det ingen som har døydd av å dødse.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis