Som ein feber
Trass i ein god karriere som arkitekt var det noko som ikkje kjendest rett. I førtiåra var Marit Aanestad klar for vendepunktet.
Biletkunstnaren Marit Aanestad i atelieret på Tou Atelierhus.
Foto: Ådne Thomassen
Kunst
redaksjonen@dagogtid.no
I dag er Marit Aanestad (f. 1949) ein godt etablert kunstnar i Stavanger. Ho har store offentlege utsmykkingar på CV-en. Men vegen mot ein kvardag på Tou Atelierhus tok si tid.
Aanestad kjem ned trappene, opnar døra med eit stort smil og viser veg inn i eit atelier med utsikt mot fjord og fjell. I vindaugskarmen står rekkjer med små geometriske former i tallause kombinasjonar. På veggene heng store lerret der ho testar ut fargar og kor gjennomsiktige dei er. Ho førebur seg til soloutstillinga som no er å sjå på Hå Gamle Prestegard i Rogaland, til og med sundag 12. januar.
Kreative yrke høyrest kanskje spanande ut, men dei har ei slagside av uføreseielege oppdrag og ustabil inntekt. Enkelte har alt i ungdommen både talentet og risikoviljen til å satse, men Aanestad venta i 20 år.
– Eg laga mi eiga verd og hugsar dette som sterkt emosjonelt.
Marit Aanestad, kunstnar
No eller aldri
Ho er av den første generasjonen som fekk sjansen til å ta akademisk utdanning, og det var sett på som sjølvsagt å velje dette dersom karakterane var gode nok. Å bli kunstnar var aldri i tankane hennar.
– Eg enda opp på arkitektstudiet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og hadde mange spanande jobbar som arkitekt, men det var alltid noko med det å justere seg så sterkt etter ein oppdragsgivar, og alle dei tekniske og økonomiske kompromissa.
Ho tok kurs i teikning og måling, og barna vaks til. Tanken på ein kunstnarkarriere låg og murra, men ho meinte at det var for seint å skifte yrke. Vendepunktet kom då ho møtte på ein eldre kjenning som nettopp hadde starta på Kunstskolen i Rogaland.
– Det var no eller aldri. Eg søkte og kom inn. Kunstnaren Elisabeth Haarr gav oss spanande oppgåver og utfordra oss. I ei kaos/orden-oppgåve testa eg grensene for kor mykje som skal til for å miste ordenen. Det var nesten som ein feber. Eg klatra opp og ned på ei gardintrapp. Ned på golvet for å flytte litt på nokre svarte og kvite strimlar, opp att for å betrakte dei, ned att for å justere, opp att for å sjå effekten. Eg laga mi eiga verd og hugsar dette som sterkt emosjonelt.
Forsøk og anger
Seinare kom Aanestad inn på Kunstakademiet i Bergen, og alt som student deltok ho på Haustutstillinga i 1990. Ho er ikkje i tvil om at valet ho tok for over 30 år sidan, var rett, men ho trekkjer fram at livet som kunstnar også inneber mange kvardagar med prøving og feiling, der det kan gå langt mellom dei store opplevingane.
– Eg kjenner jo unge kunstnarar som tek motsett val. Dei balanserer gjerne kunstproduksjonen med deltidsjobb, og dei får stipend det eine året, men ikkje det neste. Til slutt forlèt dei kunstnaryrket til fordel for ein økonomisk tryggare og meir føreseieleg kvardag.
Det finst eigne teoriar om anger knytt til det å ta avgjerder, som den samfunnsøkonomiske angerteorien til Graham Loomes med fleire frå 1982. Ifølgje denne angrar dei fleste meir på det dei aldri prøvde, enn på mislukka forsøk.
Aanestad uttrykkjer ingen bitre kjensler rundt tiåra som gjekk før ho søkte seg inn på kunstutdanninga. Tvert imot trekkjer ho fram at åra som arkitekt gav erfaringar som blei nyttige seinare.
– Då eg satsa på å bli kunstnar, hadde eg alt ei trygg utdanning og ein trygg økonomi. I tillegg var eg medviten om kva eg ville, på ein heilt annan måte enn i ungdomstida. Anten ein startar tidleg eller seinare i livet, må ein jobbe hardt, og ein må vere synleg. Dersom du vil bli rik og bli sett, så vel noko anna. For min del skjønte eg ikkje før seinare i livet at kunst gav meg så stor glede.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.