JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstKultur

«Norwegische Landschaft»

Neste år blir eit ukjent meisterverk for fyrste gong tilgjengeleg for det norske publikummet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hans Fredrik Gude (1825–1903): «Fjordlandskap fra Balestrand» (eigentleg «Norwegische Landschaft», 1848). Olje på lerret, 102 x 127 cm.

Foto: Blomqvist

4567
20210430
4567
20210430

Kunst

sjurhabring@gmail.com

Verket som Nasjonalmuseet førre veke sikra seg for 4,1 millionar kroner under auksjonen frå Blomqvist kunsthandel i Oslo, syner den då knapt 23 år gamle kunstnaren Hans Gude som eit bråmodent talent: Heilskapen i komposisjonen er sikker og gjennomført, og fargevalørar og penselstrøk er av ypparste kvalitet. Dei klåre detaljane, det livfulle skuggespelet og perspektivet syner at opphavsmannen rådde over alle verkemidla i målarkunsten.

Truleg har ikkje måleriet vore utstilt offentleg sidan det blei måla i 1848, sannsynlegvis i Tyskland, der det hamna i privat eige under namnet «Norwegische Landschaft». Dette var same året som Gude saman med Adolph Tidemand måla det mest kjende måleriet sitt, «Brudeferden i Hardanger».

Sidan 1930-åra har verket vore i Oslo, også der i privat eige. Inntil nyleg var det ukjent jamvel for vår fremste Gude-ekspert, Frode Haverkamp. Det var han som vurderte verket for Blomqvist før auksjonen. Han fekk studera det på nært hald – attpåtil heime i si eiga stove – og er imponert over både den kunstnarlege kvaliteten og den framifrå bevaringstilstanden.

Strålande sommarvêr

– Haverkamp, kva er det me ser på biletet?

– Eit norsk landskap inst i ein fjordarm ligg framføre oss. Frå vatnet stig bratte fjell med ein bre i midten. Som hovudmotiv i mellomgrunnen ligg lafta trebygningar mellom svære kampesteinar, med eit frodig bjørketre i sentrum. Der er nokre åkerlappar og i forgrunnen ein liten grasbakke.

I steinsetjinga mellom husa kjem ei ungjente i bunad med eit jentebarn mot oss. I skuggen under steinen ved åkerlappen sit tre personar, fortel Haverkamp.

– Ved stranda ligg to robåtar. Karen til høgre auser båten. Eller gjer han i stand nokre fiskereiskapar? Dette er midt på føremiddagen i strålande sommarvêr. Nokre godvêrsskyer teiknar seg vakkert av mot den blå himmelen.

Dårleg start

Kven var så denne kunstnaren, og kva var livssituasjonen hans då han måla biletet? Embetsmannssonen Hans Fredrik Gude var fødd i Kristiania i 1825. Det var den kunstkyndige Johan Sebastian Welhaven som oppmoda han om å reisa til Tyskland, endåtil før avlagd examen artium. Til Düsseldorf kom han med tanke på å bli historiemålar; dette var den gjævaste disiplinen i målarkunsten den gongen.

Byrjinga var ein flause, fortel Haverkamp. På akademiet fekk han ei teikning av ein romersk villa som han skulle kopiera. Men, som han skreiv seinare: «Eg hadde aldri vore i Italia, eg hadde aldri sett ein romersk villa og eg mistydde det heile.» Kommentaren til læraren var drepande: «Dra attende til Noreg, du, venen min, og fullfør skulen medan det framleis er tid.»

«Luftdoktoren»

Kunstakademiet i Düsseldorf blei rekna som det mest moderne i Tyskland den gongen. Her blei det nemleg undervist i landskaps- og folkelivsmåling, disiplinar som før hadde hatt låg status, men som i tråd med romantikken no blei oppvurderte. Og det var landskapsmåleriet han gjorde til sin spesialitet.

– I 1848 hadde Gude alt nokre år bak seg som student, og han blei sett på som den mest gåverike i sitt kull ved akademiet. Året før var han jamvel blitt hjelpelærar i landskapsmåleriklassen, og sjølv om det ikkje var ei formell stilling – professor i Düsseldorf blei han ikkje før i 1854 – var det stor stas for den unge kunstnaren. Særleg akta var han for dei spektakulære framstillingane av atmosfæren. Sidan han hjelpte andre målarar med dette, gav dei han aukenamnet «Der Luftdoktor».

«Erindringens kunst»

Typisk for Gude-måleriet frå Balestrand er at det ikkje er ei nøyaktig attgjeving av landskapet. Verk som dette blei til på grunnlag av skisser han laga på staden, og i atelieret i Tyskland komponerte han så skisseelementa saman til ein harmonisk og avstemt heilskap. Fjella er blitt litt brattare, breen litt mektigare og skyene litt meir pittoreske. Det er altså ikkje eit augneblinksbilete Gude gjev oss, slikt til dømes dei engelske friluftsmålarane dreiv med. Det er «en erindrigens kunst» han demonstrer.

Haverkamp fortel at Gude i eit muntert brev til Peter Christen Asbjørnsen frå 1854 røper denne eklektiske måten å komponera bilete på: «Det nye er da at jeg maler et Høifjeldsbillede fra Qvinherredskanten eller borte mod Moranger, jeg veed ikke rigtig hvor, for jeg var ikke der, det vil sige, jeg var baade i Qvinherred og i Moranger, men jeg saa det ikke nogetsteds der...»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Typisk for Gude-måleriet er at det ikkje er ei nøyaktig attgjeving av landskapet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis