Kunst

Det må vere eit tårn

Publisert

Finst det noko meir fascinerande enn å besøke tårn? Desse slanke bygga som strekker seg så høgt at det kilar i magen når du ser vidt utover? No vil også finansmannen Kjell Inge Røkke ha seg eit havforskingstårn. Det skal vere blått og 200 meter høgt. Og så var krangelen i gang.

Kunsthistoria er full av fagre, høge bygg. Også i nyare tid har vi fleire som utmerker seg, som det fantastiske Art Tower Mito (1990) i Japan, som snor seg som ei helikskurve, bretta i origami. Rett nok er det berre hundre meter høgt, men det rommar både teater og konsertsal, begge med over seks hundre sitjeplassar – og eit kunstgalleri.

Løftar vi oss høgare enn dette, vert bygga gjerne meir vulgære i stilen. Donald Trump har ei mengd tårn, fleire dobbelt så høge som det Røkke drøymer om – eitt er kledd i noko som liknar gull. Estetiske kvalitetar er så godt som fråverande, ofra til fordel for enkle maktsymbol.

I Saudi-Arabia er det full aktivitet kring Jeddah Tower, som etter planen skal tårne ein kilometer over havnivå, opningsdatoen vart nyleg skubba fram til 2021. Fundamentet strekker seg heile seksti meter ned i bakken, men det er ikkje sikkert det er nok. Etter teikninga å døme minner det om noko frå Star Wars.

Her til lands er vi heller smålåtne på tårnfronten, tenke seg til at ærverdige Nidarosdomen framleis er eitt av dei høgste bygga. Røkketårnet vil såleis rage dobbelt så høgt som alt anna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement