Kulturkommentar

Kunnskapsdepartementet sitt forslag til musikk i skulen ser ut til å vere laga av nokon som ikkje har høyrt så mykje på musikk.

  

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa har gjennom Kunnskapsdepartementet sett i gang eit prosjekt for å gje lærarar i grunnskulen betre faglege retningsliner. Læreplanane vert opplevde som vage, for i dag finst ikkje eit nasjonalt pensum i norsk skule, berre læringsmål. 

Som alltid når politikarar og byråkratar skal meine noko om skule, blir det noko velmeint, men fagleg rart over døma. Forslaget til musikk som no er sendt på høyring, eller «Veiledende innholdsliste til læreplan i musikk», som det heiter, er så stivbeint at eg fyrst trudde det var tull. Eller at det har vorte laga av nokon som ikkje har høyrt så mykje musikk, men høyrt mykje om musikk. 

I forslaget for musikkopplæringa finn me artistar som Åge Aleksandersen, a-ha, Aurora og Sigrid. Veldig mange frå Austlandet. Ikkje fullt så mange frå Vestlandet. Artistar frå Rogaland utover Bjørn Eidsvåg finst ikkje. Mangfalds-Noreg er mellom anna representert av Karpe og Jonas Benyoub. Dessutan har ein kasta inn Dimmu Borgir for å få med den største eksportartikkelen i norsk musikk dei siste 40 åra. 

Av internasjonale døme – som stort sett berre er britiske og amerikanske, med eit lite unntak for ABBA – finn ein mellom anna Pink Floyds «Another Brick in the Wall», Beatles med «Let it Be» – og det irske bandet The Cranberries sin fryktelege låt om The Troubles: «Zombie». Kva med U2 sin «Sunday Bloody Sunday»? Eller John Lennon sin?

Lennon er for så vidt allereie godt representert i forslaget, han er den einaste frå The Beatles som òg er representert med ein sololåt. Sjølvsagt «Imagine», fredslåten som er så utbrukt gjennom fleire års slitasje at det berre er ein annan frå The Beatles som er meir sliten, nemleg «Let it Be». 

Sjølv er eg ikkje eldre enn at me hadde «Yesterday» og «Michelle» som ein del av undervisninga på barneskulen, medan læraren freista å selje inn Eurythmics-albumet Revenge som eit døme på moderne musikk. 

Dei er ikkje med i framlegget til ny musikkundervisning. Heller ikkje andre storleikar frå åttitalet, som Madonna eller Michael Jackson. 1990-talet har etter dette høyringsframlegget knapt skjedd, med unntak av nemnde «Zombie» – og at Tupac vert nemnd blant komponistar og artistar ein skal kjenne til på 10. trinn. 

Det er ikkje slik at ein sit samla som familie og ser Dagsrevyen, seier regjeringa. Dette er eit forsøk på å skape felles referansar og ta monokulturen tilbake. Ein slags felles referansebotn, musikk alle bør kjenne. Difor finn ein under klassisk musikk «Dovregubbens hall» av Edvard Grieg og «Ode til gleden» av Beethoven. Den siste er ikkje eingong eit stykke, berre eit utdrag av siste sats i Beethovens niande symfoni, av fleire omtala som ein symfoni i seg sjølv, altså Beethoven sin tiande. 

Vidare har ein plukka ut «Krigsseilerrekviem» av Bjørn Morten Christophersen. For dette verket er komponisten nominert til Spellemann 2025 som årets komponist. Karpe og Skjæraasen er sett saman med den heilt ukjende Stine Bogsveen. Det vert like spesielt som Mikael Lien sin låt frå desember i fjor, «Fire hjul på et slott». Ifølgje ei sak i Aftenposten er låten med for å representere romanikultur.

Lien er romani, og nyttar den verkeleg ukjende låten sin til å fortelje enkelt og greitt om romanihistorie. Ironisk nok samplar han Elias Aslaksens tolking av «Jag er på vandring gjennom livet». Som ikkje er med på pensumlista. Heldigvis har ein ikkje teke med den førre songen til Mikael Lien, «Fuckboy Fredag», for der er det jo òg engelsk.

I staden nyttar ein Senja-artisten Moddi som døme på engelske vokale uttrykk. På same lista står «We Shall Overcome», «The Times They Are A-changin'», «I Wish I Knew How It Feels to Be Free». Frå Moddi har ein sett opp Unsongs, men i motsetnad til dei tre amerikanske songane er Unsongs eit heilt album, med tolv forbodne songar frå like mange land. Eit unikt konsept med ein god og sterk grunnidé. Men er verkeleg Moddi eit godt døme på engelsk song? 

Eg skjønar at Billy Bragg-samlinga «The Internationale» blir for politisk vekta til venstresida, men om ein ville ha det politiske i låtane, hadde det vore mogleg å finne fleire originalar i staden. Så kunne ein kanskje sett desse tre borgarrettssongane frå sekstitalet, som eg òg hadde på barneskulen, saman med songar frå både Rage Against the Machine, om politivald generelt, og Rodney King-saka spesielt, eller for den saks skyld nokon av dei nye songane til Bruce Springsteen og U2. 

Det er jo openbert allereie ei ganske framoverlent liste på enkelte felt. Saman med «Zombie» (om Nord-Irland) og «Another Brick in the Wall» (om tankekontroll frå staten, noko denne lista ironisk nok òg driv med), finn me «Blinding Lights» av The Weeknd, ein låt om gatelysa som skin medan ein køyrer bil, og den meir overførte «blendande» verknaden av det å vere berømt og, tja, narkotika. Den mest strøymde låten nokosinne liknar dessutan så mykje på «Take on Me» musikalsk at ein kanskje skal nytte han til å snakke om skilnaden mellom å kopiere og å la seg inspirere.

FrP er ikkje inspirert av lista. På Dagsnytt 18 torsdag sa utdannings- og forskingskomitémedlemmet deira Simen Velle at ein ikkje kan likestille Klovner i Kamp-låten «Langt å gå» og nasjonalsongen i norsk skule. Eg les ikkje høyringa som at nokon har gjort noko slikt. Refrenget i «Langt å gå» seier uansett at det trengst meir enn ein kubbe for å lage eit bål, «så kom og gå sammen med meg». 

Utfordringa er motteken. Eg skal svare før høyringsfristen 17. april.