KultursluketSandnessjøen sa ja til ny storstove i byen, Kulturbadet, og nei til auke av eigedomsskatt. Men kulturhuset har vorte eit pengesluk, og eigedomsskatten er auka for å dekkje utgiftene. Andre kommunar fylgjer same praksis.
Sandnessjøen sa ja til ny storstove i byen, Kulturbadet, og nei til auke av eigedomsskatt. Men kulturhuset har vorte eit pengesluk, og eigedomsskatten er auka for å dekkje utgiftene. Andre kommunar fylgjer same praksis.
Frå opninga av Hamar kulturhus i 2014. Kommunen måtte låne 300 av dei 700 millionane kulturhuset kosta.
Foto: Hilde Mortvedt / KUD
Det nærmar seg politisk val i Noreg, og eit tema som skaper stor debatt, er eigedomsskatten. Om somme parti seier dei vil fjerne skatten, viser tal frå SSB at det ikkje er så fort gjort. Skatten har vist seg å vera svært så kjærkomen – så kjærkomen at norske kommunar har dobla inntektene sine frå eigedomsskatt med seks millionar på ti år. Kvifor? Helgelandskommunen Alstahaug, som ligg i Noregstoppen i eigedomsskatt til bustadeigarar, gjev oss eit svar: kulturhus.
I 2015 fekk Alstahaug si storstove – Kulturbadet, som er ei samlokalisering av symjehall, kino, bibliotek og konsertsal i éin bygning i Sandnessjøen. Prislappen var 300 millionar kroner. Kommunen innførte skatt på eigedomar i 2010. I dag er skattesatsen sett opp frå 3,9 til 4,5 promille. Skatten på ein einebustad på 120 kvadratmeter ligg i dag på 8708 kroner. Det er den tredje høgaste i landet. I Dovre og Gran ligg eigedomsskatten på høvesvis 770 og 950 kroner, dei er mellom dei billigaste i landet. Landsgjennomsnittet ligg på 3785 kroner.
Ordførar Bård Anders Langø (Ap) sa dette til VG om kulturhuset i Sandnessjøen for eit par veker sidan: «Etter min mening bygde vi det utrolig billig, og har fått mye igjen for pengene. Men for en kommune på 7.500 innbyggere blir det jo tøft.»
For dei som har fylgt med på prosessen over mange år, kjem tala ikkje som ei overrasking. Om kulturhuset var «billig», kjem an på augo som ser. Heilt frå starten av har det vore uvisst om kommunen ville klare kostnadene. Spørsmålet om eigedomsskatt i høve til kulturhus har òg dukka opp tidlegare, og politikarane har vore tydelege: ingen auke på skatten. Men slik blir det altså ikkje. Alstahaug kommune er ikkje åleine om denne utviklinga; vi tek kommunen som eit døme.
Nei til skatt
Alt i 2006 kom det krav om «besinnelse» knytt til etablering av eit kulturhus kombinert med symjehall i Alstahaug. Alternativet den gongen var eit mindre badeland på Stamnes, utanfor Sandnessjøen. Eit kulturhus meinte mange ikkje var naudsynt, for kommunen var i ferd med å få igjennom Petter Dass-museet som opna i 2007 – utbygginga kosta 84 millionar kroner, finansiert av Nordland fylkeskommune, Kultur- og kirkedepartementet, Alstahaug kommune og næringsliv. Det vart lagt eit par kilometer utanfor Sandnessjøen sentrum, ved Alstahaug kyrkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.