Kulturhusa som kveler kulturlivet

Kulturhusa skulle vera til gagn for kulturlivet i norske småbyar. Men i røynda tvingar kulturhus lokale kulturlag til å leggje ned.

Publisert Sist oppdatert

Osøren Blues & Jazzfestival vil leggje ned på grunn av Oseana kulturhus. Det kostar skjorta å leige seg inn der. Det seier Karin Daviknes til Dag og Tid. Ho har sete i styret i laget.

Planen om nedleggjing av kulturaktivitetar gjeld ikkje berre blues og jazzen i Os. Os internasjonale filmfestival har alt måtta bite i graset.

–?Det nye kulturhuset er flott, men dramatisk overdimensjonert. Leigeprisen vart for høg, og filmfestivalen vår er no lagd daud, seier styreleiar Nils-Anders Nøttseter.

Nøttseter og Daviksnes peikar på den store ironien i Kultur-Noreg i dag: Dei seinaste tiåra har det eine etter det andre kostelege kulturhuset vorte reist. Kraftsentrum for kultur og stadutvikling er dei kalla, men mange har i røynda fått omvend verknad: Dei hindrar kulturlivet og forverrar den økonomiske situasjonen til norske kommunar drastisk.

Økonomiske ekspertar ottast framtida deira: – Det er ei overetablering av kulturhus i landet. Mange av dei kan få same lagnad som symjehallar i norske bygder, som på grunn av skort på driftsmidlar har vorte ståande tørre og tomme.

Det spår Torger Reve, professor ved Institutt for strategi og logistikk ved BI i Oslo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement