Musikk

Kulturhus eller sensurhus, mangfald eller profil

Når ein av Skandinavias mest strøymde artistar vil spela i Sandnes, kan kulturhuset få auka eigeninntening, eit yngre publikum, breidd og mangfald. Men kulturhussjefen nektar han å koma.

Ringnes-Ronny.
Ringnes-Ronny.
Publisert

Ein av Skandinavias mest populære artistar i 2020, Ringnes-Ronny, vert nekta å leiga scene i Sandnes kunst- og kulturhus, har fleire aviser meldt denne veka. Manager for artisten, Peder Benjamin Hagen, fortel til Dag og Tid at debutalbumet til Ringnes-Ronny kjem i januar, og at ein no førebur ein turné til hausten. Til Stavanger Aftenblad seier Hagen at artisten hans ser ut til å ha mange tilhengjarar i Sandnes, og at han difor vil halda ein konsert der.

– Me skal lansera ei splitter ny scene til hausten og har trong for å skapa eit heilskapleg program no i oppstarten. Me ynskjer å etablera ein kunstnarleg profil som er annleis enn den Ringnes-Ronny representerer, fortel kulturhussjef i Sandnes, Elisabeth Dahl, til Dag og Tid.

– Vert kunstnaren nekta leige på uviss tid?

– Som alle repertoarvegval vil sannsynlegvis også denne profilen verta endra og vidareutvikla etter kvart som me lærer meir om kva som fungerer, og kva slag opplevingar publikum ynskjer i åra framover. Ein skal dimed ikkje sjå bort frå at det kunstnarlege uttrykket til Ringnes-Ronny kan finna ein plass på ei av scenene våre i ein seinare sesong.

Offentleg finansiert

Ein Ringnes-Ronny-konsert kunne truleg ha bidrege med det som vantar i mange norske kulturhus, mellom anna i Sandnes: eigeninntening og unge publikummarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement