Den danske forfattaren Kirsten Thorup får Nordisk råds litteraturpris i år.
Foto: Markku Ulander / Lehtikuva / NTB scanpix
«Kullsvart og vis»
Slik oppsummerte juryen til Nordisk råd romanen som vann Nordens mest høgthengande litterære pris. Det er den danske forfattaren Kristen Thorup som får prisen i år for boka Erindring om kærligheden. Thorup er ein kjend forfattar i grannelandet vårt: Ho debuterte med diktsamlinga Indeni-Udenfor i 1967, og feirar dermed femti år som forfattar i år. Romanen Erindring om kærligheden portretterer kvinna Tara, som snublar seg gjennom tilværet som einsleg mor og arbeidslaus kunstnar. I fokuset står tilhøvet til dottera Siri, men samtidsspørsmål som klima og innvandring blir òg fletta inn i romanen.
– Luther var ein arrogant idiot
Det er orda til den kjende britiske filmregissøren Peter Greenaway. Som kjent var det i veka som var, 500 år sidan Luther spikra opp dei 95 tesane sine. På basis av teikningar og målarstykke frå 1500- og 1600-talet har Greenaway laga eit personleg filmessay om reformatoren: Arven etter Luther. Her interesserer han seg for medierevolusjonen i Luthers hundreår, prenteverket, som gjorde propaganda i stor skala mogeleg. I intervju med den nederlandske avisa Trouw utdjupar Greenaway kva han meiner: «Luther var ingen tenkjar eller teolog, men ein opportunist», «det er difor eigenleg ingen grunn til å feire karen», seier den kontroversielle filmskaparen.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
«Kullsvart og vis»
Slik oppsummerte juryen til Nordisk råd romanen som vann Nordens mest høgthengande litterære pris. Det er den danske forfattaren Kristen Thorup som får prisen i år for boka Erindring om kærligheden. Thorup er ein kjend forfattar i grannelandet vårt: Ho debuterte med diktsamlinga Indeni-Udenfor i 1967, og feirar dermed femti år som forfattar i år. Romanen Erindring om kærligheden portretterer kvinna Tara, som snublar seg gjennom tilværet som einsleg mor og arbeidslaus kunstnar. I fokuset står tilhøvet til dottera Siri, men samtidsspørsmål som klima og innvandring blir òg fletta inn i romanen.
– Luther var ein arrogant idiot
Det er orda til den kjende britiske filmregissøren Peter Greenaway. Som kjent var det i veka som var, 500 år sidan Luther spikra opp dei 95 tesane sine. På basis av teikningar og målarstykke frå 1500- og 1600-talet har Greenaway laga eit personleg filmessay om reformatoren: Arven etter Luther. Her interesserer han seg for medierevolusjonen i Luthers hundreår, prenteverket, som gjorde propaganda i stor skala mogeleg. I intervju med den nederlandske avisa Trouw utdjupar Greenaway kva han meiner: «Luther var ingen tenkjar eller teolog, men ein opportunist», «det er difor eigenleg ingen grunn til å feire karen», seier den kontroversielle filmskaparen.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.