Kronikør av livet i det store og heile
Då Dag Solstad fekk slektstavla for morsætta i hendene, vart han så fascinert at han heilt gløymde romanen han hadde planlagt å skrive.
I dag, etter å ha gitt ut den merkelegaste romanen i norsk boksoge, hugsar han framleis ikkje kva han eigentleg hadde tenkt å skrive. Kanskje kjem det heller ikkje fleire romanar frå 72-åringens hand.
Alt tittelen signaliserer at dette er ikkje nokon vanleg roman: Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591–1896. På 460 sider tar forfattaren føre seg morsslekta si gjennom 300 år i ei endelaus rekke av namn og årstal, giftarmål og død, arv og skifte, tileigning av gardar og tap av gardar.
–?Kva var det som fekk deg til å gå laus på denne galskapen? –?Då eg fekk ei utskrift av dette materialet frå sonen til ei kusine, sette eg meg til å jobbe med det. Først berre som ein hobby – det gjekk fleire år før eg bestemte meg for å gå djupare inn i stoffet og skrive om det. Eg har alltid vore opptatt av tabellar og tal, men skjøna fort at dette ville gå langt forbi den interessa.
–?Men kvifor? –?Eg sat jo med eit eineståande stoff. Kvifor dette greip meg så sterkt, veit eg ikkje heilt, men det må skuldast ein visjon av kor tilfeldig livet er, kor kort det er – og så berre forsvinn vi. Dette handlar om livet i det store og heile, og dét kunne ha vore tittel på alle bøkene mine. Det var mykje eg ikkje tok med. Eg sette ei grense, både tidsmessig og geografisk. At romanen skulle slutte i 1896, var det aldri tvil om.
–?For då slapp du å skrive om mor di, og henne skal det ikkje skrivast om? –?Det kan du godt seie. Skulle eg ha skrive om mor mi, ville det vore meir naturleg å skrive om ei mor og sønene hennar.
–?Men den romanen kjem aldri –?Nei, den kjem aldri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.