Kristine Bonnevie: – Kva ville ho med livet?Kristine Bonnevie (1872–1948) ruver i kvinnehistoria til norske universitet. Ho var den fyrste kvinna som tok doktorgrad i naturvitskap ved eit norsk universitet (1906), den fyrste kvinnelege medlemen av Det Nors

Kristine Bonnevie (1872–1948).
Kristine Bonnevie (1872–1948).
Publisert

Kristine Bonnevie (1872–1948) ruver i kvinnehistoria til norske universitet. Ho var den fyrste kvinna som tok doktorgrad i naturvitskap ved eit norsk universitet (1906), den fyrste kvinnelege medlemen av Det Norske Vitskaps-akademi (1911) og – ikkje minst – den fyrste kvinnelige professoren i Noreg (1912). I tillegg tok ho på seg ei rekkje oppgåver sosialt og politisk, både nasjonalt og internasjonalt, mellom anna i Folkeforbundet.

Kva var dei viktigaste forskingsprosjekta hennar?

Forskinga hennar dekkjer tre felt: marinbiologi, cytologi og genetikk. Ho studerte særleg korleis kromosom ter seg når celler deler seg. Ho jakta på fenomen både hos mus og menneske som kunne stadfeste lovbunden arv.

Kva meinte ho om samtida?

Bonnevie stod midt i striden om arvehygiene og rasehygiene (eugenikk) i ei tid då mange frå fagmiljøa hevda at det var klare skilnader på rasar, med dei kvite på topp. Ho støtta ikkje dette synet. Bonnevie var elles ihuga rojalist, og det ein i dag ville kalle sosial-liberalar. (Ho sat i bystyret i Kristiania for Frisinnede venstre.) Ho var ikkje spesielt glad for framgangen for sosialistane og «landsmålet». Trass i dette aksepterte den ihuga riksmålsforkjemparen både «blautdyr» og «ålegras» i læreboka si i biologi for gymnaset.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement