Diktet

«Kråka er ein symboltung fugl, ofte assosiert med einsemd eller uhygge»

Publisert Sist oppdatert

CAConrad er fødd i 1966, oppvaksen i Kansas og Pennsylvania i USA. Hen vende seg mot poesien alt som barn og har skrive og publisert dikt sidan 1980-talet. Midt på 2000-talet begynner Conrad å jobbe med det hen kallar (soma)tics – ein tredelt skriveprosess der diktet er siste ledd, ein poetisk respons på eit ritual poeten fysisk utfører for å svare på eit tema. Det er også på denne tida hen begynner å gi ut bøker på etablerte forlag.

Dagens dikt er henta frå Boka til Frank (2010), gjendikta til norsk av Gunnar Wærness i 2016. Boka følgjer Frank, ulukkeleg og sint, gjennom eit liv som er altfor trongt. Dikta er både kvardagslege og absurde. Dei er også på same tid brutale og humoristiske – ikkje ein svart humor, tenkjer eg, men ein lett og frigjord humor som står i kontrast til og kjem frå ein annan stad enn valden. Dikta til Conrad er grunnleggjande amerikanske, hen tematiserer fødelandet i mykje av arbeidet sitt – parodierer det også.

Diktet viser Conrads humor tydeleg, for eksempel i den lakoniske overgangen frå første til andre strofe. Dei store bokstavane understrekar det brutale i ytringane. Samtidig har dette diktet noko klassisk poetisk ved seg på grunn av kråkene. Kråka er ein symboltung fugl, ofte assosiert med einsemd eller uhygge (som er to kjensler diktet rommar). Men kråka kan også symbolisere visdom og det å vere sjåar – ein som ser framtida, eller som studerer verda, som Conrad sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement