JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kontekst er alt

Tek du eit brotstykke ut av eit kunstnarisk verk, tek du heilskapen med det same. Difor bør det verte fleire mobilfrie kulturarrangement.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Publikum måtte låsa inn mobiltelefonane sine då Louis C.K. hadde standupshow i Bergen førre helg.

Foto: May Linn Clement

5281
20190426
5281
20190426

– Har du nokon gong hatt eit dårleg år? Alle har hatt dårlege dagar, men 365 forferdelege dagar etter einannan?

Amerikanske Louis C.K. opna standupshowet sitt i Bergen førre helg med å snakka om året me ikkje høyrde noko frå han. Etter at det i november 2017 vart offentleg kjent at han seint på 1990-talet og tidleg på 2000-talet masturberte framfor fem kvinner, har han halde låg profil. Louis C.K., som eigentleg heiter Louis Szekely, misbrukte makta si, han orsaka og trekte seg tilbake. No byggjer komikaren seg opp att, og eg ynskjer han velkommen. Eg trur han vil gje verda meir som aktiv enn som arbeidslaus komikar.

Showa i Bergen var i klassisk Louis C.K.-stil, der han bruka seg sjølv og hangen til å sjå det absurde i tilværet. Livssituasjonen er klart annleis no enn før fallet. Tidlegare var han rik og vellykka, no snakka han om å eta middag åleine på restaurant medan folk viser han fingeren, og om ei mor som trur at all avisomtale er positiv for sonen på 51.

Billettane til showa på utestaden Rick’s vart snart utselde. Eg sikra meg sete både fredag og laurdag, og registrerte at ein del av materialet var ulikt desse kveldane. Louis testa ut nytt materiale for på sikt å kunna gje ut ein ny spesial, som er eit timelangt show.

Mobilforbod

Gjestane måtte låsa inn mobiltelefonane sine då Louis C.K. vitja Rick’s-scena, og showet hadde sitatforbod. Dagbladet karakteriserte dette som ekstreme sikringstiltak.

Det kan vera greitt med eit historisk blikk på kva uønskte opptak og attforteljing i standupbransjen kan føra med seg.

Ta Lenny Bruce (1925–1966), som vert rekna som far til den moderne standupforma. Bruce var openmunna og fekk store problem med styresmaktene etter ha brukt obskøne ord og harselert med religion frå scena. Sivilt politi kom på showa, noterte brotstykke av det Bruce sa – ofte feilsitert – tok det ut av konteksten og vidare inn i rettssystemet. Desse amputerte utsegnene måtte Lenny Bruce seinare forsvara i retten. Ikkje berre vart han attgjeven feil. Politimannen som las opp materialet til Bruce, mangla òg forståing og eigarskap til innhaldet.

– Eg vert dømd for ein annan manns dårlege timing, ego og rotete språk, sa Bruce i rettssalen.

Rettsforfølginga tek opp store delar av sjølvbiografien How to Talk Dirty and Influence People frå 1965. Dei siste leveåra brukte Bruce til å forsvara seg, på og utanfor scena. Han vart dømd for usømmeleg ordbruk i 1964, men friteken for straff post mortem. Som Bob Dylan syng: «Lenny Bruce is dead but he didn’t commit any crime. He just had the insight to rip off the lid before its time.»

Problemet med å skriva ned noko som er munnleg framført, skildrar komikar Tom Segura slik:

– Du høyrer ikkje toneleiet, du veit ikkje tanken bak, og du ser ikkje framføringa i samspel med publikum.

Intimiteten forsvinn

For drygt ti år sidan var komikaren Doug Stanhope i Stavanger. Han vart møtt av ein tilskodar på fremste rad som filma med mobilen. Stanhope stoppa, braut ut i ein tirade og sa noko slikt som dette:

– Før i tida kunne eg fortelja dykk alt. Eg kunne fortelja kvinnehistorier og ting eg hadde gjort i fylla. No kan eg ikkje det lenger. Dagen etter vil det liggja eit klipp ute på internett.

Dermed sette han fingeren på korleis intimitet og spontanitet forsvinn når ein aldri veit kva tid ein vert filma. Problemet har fylgt teknologien og er endå meir aktuelt i dag. Ein kan knapt gå på ei framføring av noko slag utan lysande skjermar blant publikum.

Materiale på avvegar

Hovudgrunnen til Louis C.K.s mobilforbod førre helg er truleg at det i desember hamna brotstykke frå eit mindre standupsett på internett. For oss som ikkje høyrde heile settet, kan det verka som han hengjer ut overlevande etter ei skuleskyting. Problemet er at innleiinga og heile konteksten manglar. Klippet vart ei nyhendesak på CNN, og innhaldet snart ei etablert sanning. Då, som i Bergen, var det ikkje eit fullstendig show Louis presenterte, men materiale under arbeid.

– I utprøvingsfasen er ein hemningslaus. Ein skal testa grenser, sjekka ut respons, gå for langt og stramma det inn, seier Tom Segura i podkasten han har med kona si, Christina Pazsitzky.

Ekstremt?

Det Dagbladet karakteriserte som ekstremt, meiner eg er naudsynte og passande tiltak. Eg slapp å vrengje verken lommer eller veske då eg gjekk inn. Alt eg måtte gjera, var å setja telefonen på lydlaus og leggja han vekk i to små timar. Det burde eg gjera oftare. Ikkje eitt sekund sakna eg han.

Dei små mobilposane heiter Yondr og har dei siste åra vorte nytta av fleire store aktørar, både innan musikk og humor. Mellom anna brukte standupkomikaren Chris Rock desse då han gjesta Stavanger og Oslo i 2017. Eg ser gjerne at det vert fleire mobilfrie kulturarrangement.

I dagens mediebilete, med soundbites og klikkfang, er kontekst mangelvare. Alle kunstformer har kreative prosessar, og ingen vil sleppa frå seg uferdig materiale utan å sjølv ha kontroll over det. Eg rundar av med nok eit Segura-sitat:

– Å dømma ei skisse er galskap.

May Linn Clement er journalist
i Marsteinen og fast teiknar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No byggjer komikaren seg opp att,
og eg ynskjer han velkommen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis