Konkurrerer mot Egner

Barnebøkene til Arne Svingen er blant dei mest utlånte bøkene på norske bibliotek, men bestseljarar er dei ikkje.

Arne Svingen har skrive hundre bøker. Fleire kjem seinare i år.
Arne Svingen har skrive hundre bøker. Fleire kjem seinare i år.

Arne Svingen har vore heiltidsforfattar sidan 1997 og skriv bøker for lesarar i alle aldrar. Spesielt brenn forfattaren for å skrive bøker som eignar seg som ei første lesaroppleving for ungar.

­– Med somme bøker når eg ikkje-lesarane. Eg skriv slike bøker fordi eg vil lage ein inngangsport til litteraturen for dei. Dessverre heng mange gutar etter i lesinga, og eg vil gjere dei til potensielle lesarar med bøkene mine.

Svingen når gutar ved å skrive bøker med tematikk gutane er interesserte i.

– Eg spør alle skuleklassane eg besøker, kva elevane vil lese. 80 prosent svarar at dei vil ha alt som er skummelt. Dei vil ha spenningsbøker, slik vaksne lesarar vil. For ungar er det å lese noko skummelt ein måte å teste grenser på, innanfor trygge rammer. Fordelen med å oppsøke det skumle i litteraturen, heller enn i film, er at bøker kan latast att. Barna treng ikkje vise for andre at det blir skummelt.

Kvifor er det viktig å få gutane til å lese?

– Gutane taper stort på at dei er dårlege til å lese og skrive. Den typen jobbar lesesvake gutar kunne få før, blir robotiserte og forsvinn. Vi sit igjen med jobbar som krev lesing og skriving. Dessutan er lesing god kognitiv trening, og det å kunne vere til stades i ein tekst over tid trengst i alle jobbar. Både jenter og gutar les mindre i dag enn før, men jenter les ikkje like lite som gutar. Eg trur dette er ein av grunnane til at 60 prosent av dei som tar høgare utdanning i dag, er jenter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement