Musikk

Kompromisslaust

– Folk stolar på at me ikkje kommersialiserer oss, seier festivalsjef Daniela Neumayer.

Frå venstre: Craig Taborn, Reid Anderson, Chris Potter og Dave King hylla Keith Jarrett.
Publisert Sist oppdatert

Å bli køyrd frå flyplassen i München til Saalfelden er som å stiga inn i ein teaterkulisse. Når ein til overmål opplever styrtregn på motorvegen like før grensa, blir heile illusjonen forsterka. Det gjev ein eigen patina til glansbiletet at biltrafikken eit par kilometer etter grensepasseringa stoppar opp.

– Er det kyr eg ser der framme, spør eg sjåføren Thomas.

– Ja, dei er på veg heim frå setra.

Etter ein god halvtimes køyring med innlagd guiding om elvar og elvepadling, landbrukets ureining av dei same elvane og solcelleanlegget som har gjort Thomas sjølvforsynt med straum, svingar me opp mot det enorme hotellet Gut Brandlhof for å sleppa av den engelske trompetaren og orkesterleiaren Laura Jurd, som hadde sove seg gjennom reisa inn i eventyret.

Då me svingar ut frå hotellet, fortel Thomas at her var det fullt kaos for tre veker sidan. Fotballaget Al-Nassr hadde treningsleir i området, og tusenvis av ungdomar hadde møtt opp for å få autografen til Cristiano Ronaldo. Politiet måtte tilkallast.

Moderne jazz

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement