Københavns audmjuke stader

Johannes V. Jensen kan ha dikta «Ved Frokosten» til målarstykket med same namn av Fritz Sydberg. Jensen åtte dette målarstykket.
Johannes V. Jensen kan ha dikta «Ved Frokosten» til målarstykket med same namn av Fritz Sydberg. Jensen åtte dette målarstykket.
Publisert

Nordmenn elskar København. Og veldig mange nordmenn har vore på ein frukostrestaurant og nytt godt av den rause danske menyen av «højtbelagte smørrebrød». Mange vil ha smakt dei klassiske dyrlegens natmad, hønsesalat, ræger med æg, sol over Gudhjem, frikadeller og flæskesteg. Men dei færraste kjenner historia til serveringsstadene som byd på dei.

I den danske byhistorikaren Allan Mylius Thomsens bok De ydmyge steder får vi vite at det i København i eldre tider eksisterte ein rett for tilreisande: Dei skulle få husly og eit måltid mat. Fullstendig gratis. Det var berre å banke på døra. Gjestfridom var ei dygd. Men etter kvart blei det for mykje, i dei mest populære og sentralt plasserte husa gjekk det over stokk og stein. Ein av borgarane i byen søkte difor Kongen om å få løyve til å ta betalt for mat og drikke. Det fekk han – og slik oppstod byens «ydmyge steder». Dei vert kalla audmjuke fordi ein må ta eitt eller fleire trappetrinn ned for å kome inn.

Mitt første møte med de ydmyge var Café Sorgenfri i Brolæggerstræde. Vi fall naturlegvis pladask for staden med rustikt interiør, smårutete dukar og øltønner stabla i hjørnet. Ved sida av øltønnene sat jamvel ein lett påsegla slaktar – yrket kunne vi sjå på forkleet – og song drikkeviser lågt for seg sjølv. Dei eventyrlege smørbrøda kom til bordet på muntert høgreiste fat, komplett med friskt fatøl og iskald snaps. Vi pietistisk oppdregne nordmenn er sjølvsagt svake for det danske frilynnet, særleg når kelneren midt på blanke føremiddagen lurt seier: «Vi set berre akevittflaska her på bordet, så ser vi korleis det går.» Alle veit korleis det går.

Kjøper du snaps enkeltvis, kjem dei i tre storleikar: «pinleg», «rimeleg» og «fornuftig». «Fornuftig» er sjølvsagt den største. Danske kremmarar er svært dyktige i faget sitt.

Eg vil altså tilrå alle å prøve Café Sorgenfri, som òg har eit relativt rimeleg prisnivå. (Lat deg derimot ikkje lure til å tru at ei dansk krone svarer til ei norsk, då går kontoen din tom før turen er over.) Eit anna absolutt must er den nyrenoverte restauranten Schønnemann, som er ein smule dyrare, men heilt storslått hyggeleg. Schønnemann lagar òg sin eigen porsesnaps, som du naturlegvis må undersøke. Ver fornuftig.

Danske smørbrød kan du utmerkt godt lage sjølv. Bruk dansk eller anna grovt mørkt rugbrød, som du skjer i tynne skiver. Smør dei på dansk vis med andefeitt eller smør. Legg på skiver av røykt aure eller laks, nokre spinatblad, asparges og tynne skiver av reddik, og pynt med fersk dill.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement