JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kjøttbollar joikar ikkje

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Turistplakat frå 1960 som liknar til forveksling på joikaguten.

5480
20200508

Reinsdyr

Reinsdyr stammar frå dyr som kom hit for rundt 10.000 år sidan – truleg før dei første menneska kom til Skandinavia. Det er berre hodyra som har gevir rundt juletider. Det vil seie at Rudolf må vere jente! Håra til reinsdyret er hole, slik at dei isolerer betre, og klauvene er konkave, slik at dei ber godt i djup snø. Klauvene er dessutan supre «symjeføter» og gjer reinsdyret til ein særs god symjar.

Reinsdyr ferdast fritt og beitar over enorme landområde, noko som gir kjøttet ein heilt spesiell viltsmak. Det gjer også reindrift til berekraftig kjøttproduksjon.

Ei etterrøking frå Universitetet i Tromsø viser at reinsdyrkjøtt kan vere ei like god kjelde til omega-3 og omega-6 som fisk. Kjøttet er også om lag like magert som kylling. Får du tak i reinfeitt, kjøp det straks og bruk det i dine eigne viltkaker.

Dei fleste av oss et berre reinsdyr nokre få gonger i året, og i gjennomsnitt et vi ikkje meir enn 300 gram kvart år. Forskarar seier det ikkje er noko i vegen for å bruke dette viltkjøttet oftare enn vi gjer, spesielt med tanke på helsefordelane samanlikna med anna raudt kjøtt. Villreinkjøtt er kanskje den mest eksklusive norske råvara som finst. Det er på sitt beste i oktober, når dyra har feita seg opp før vinteren.

Kjelde: Are Smuk Figved, Horecanytt.no

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det i Dag og Tid. Del 15

Ein av dei mest populære hermetikkmiddagane i landet er Joika. Joikaen kom på marknaden i sekstiåra, og nordmenn kjøper om lag ein million boksar i året. Sidan det er mykje støy rundt produktet no, spurde eg på sosiale medium om følgjarane mine et Joika. Det utløyste eit veldig engasjement med hundrevis av svar. Mange seier at barna elskar det, nokre at dei berre et det på hytta, nokre et det stadig vekk, ein kom med banneord og sa at bikkja spytta ut kjøttbollane, somme at bikkja elskar dei. Ein heldt fram at dei er «fantastiske med potetmos og tyttebær», mens ein skreiv «dei smakar som hundemat luktar». Med andre ord, smaken er delt, men ein kan ikkje kome frå at Joika er ein suksess.

Det er ikkje fyrste gong det er debatt rundt Joika. I 2003 gjekk den samiske lokalpolitikaren Arne Nilsen Anthi frå Alta ut i Nationen: «Det er som å male opp ein hest, kaste oppi ein bit elg og selje det som elgkaker.» Ifølge Arne Nilsen Anthi var Joika-kaker både eit overgrep mot samisk kultur og ein hån mot reinkjøttet – og dei er ikkje særleg endra sidan den gongen. Prosentdelen reinkjøtt er svært låg, og produsenten blei så vidt eg forstår, nekta å kalle produktet «reinsdyrkaker i viltsaus». Sjølv hugsar eg at boksematen ofte var på menyen i barndommen. Eg åt han med liv og lyst. Eg kjenner òg fleire pakistanarar som nyt han med masse chili.

No er produktet kome i ny pakning av papp, og eg gjekk til innkjøp av ein 500 grams pakke for å sjekke om smaken frå barndommen har forandra seg. Eg trur han har det. Sausen verkar for salt, og konsistensen på bollane er heller ikkje den eg hugsar, dei er glattare enn før. Eg vil påstå det er liten skilnad på dagens Joika og Ikeas segnomsuste kjøttbollar. I boksen er det 60 prosent saus (!), som tyder på at det er cirka 100 gram reinkjøtt totalt i ein stor boks, resten er storfe og får. Kiloprisen på reinkjøtt blir då temmeleg dryg, så eg vil oppfordre Nortura til å øve med lassoen og prøve å fange fleire enn 3 reinsdyr til neste års produksjon. På den andre sida er det jo lite trønder i trøndersodd.

Korleis smakar Joika for meg i 2020? Med tilsetjing av brunost, kremfløyte, timian, pepar og litt stikkelsbærgelé for å døyve saltsmaken blei måltidet sånn midt på treet. Slik er det med masseprodusert mat. Han er laga for å ikkje fornærme nokon, men i dag vert stadig fleire fornærma likevel, og med rette: Joika er kulturappropriasjon og eksotisering av minoritetar i si reinaste form. Sameguten som prydar boksen, vann pris då produktet blei lansert, men i dag er det andre tider. Eg forstår godt alle som reagerar sterkt på namnet og pakningsdesignen, som er sterkt knytte til samisk kultur og samisk bruk av reinkjøtt. Den rasistisk-koloniale tankegangen har prega mange suksessprodukt gjennom åra, tenk berre på Black Boy krydder, Nigger Boy(!) skosverte og Negro sukkerkulør, som alle hadde teikna illustrasjon av ein eksotisk farga gut som varemerke. Negro fjerna negerguten i 2010, men Hindu-krydder finst framleis i hyllene, komplett med festleg teikning av ein hindu. Så mi oppfordring til Nortura er: Sel Joika, men skift namn og design og auk prosentdelen av reinkjøtt sterkt. Desse kjøttbollane syng ikkje.

Eg er så heldig å få kjøpe ti kilo villrein kvar haust av eit jaktlag og vil seie at det ikkje er noko problem å lage reinsdyrkaker som får kven som helst til å synge. Til eit kilo reint kverna reinkjøtt tilset du 200 gram kverna røykt flesk. Bland alt i matmølla med ei skei kvar av tørka timian og knuste einerbær, pluss ei halv skei nykverna pepar og salt og fire–fem finhakka sjalottlauk. Køyr. Tilset så eitt egg og ein boks kremfløyte og køyr deigen godt. Køyr, og stans. La det heile stå i nokre timar, tilset vatn om deigen verkar tørr – og steik kakene i ei blanding av olje og smør på middels varme. Mos av kålrot, selleri eller pastinakk passar perfekt til: Kok røtene møre i bitar, legg i smør så det smeltar, og køyr i mølla med fløyte, rikeleg riven muskat og litt salt. Rør tyttebær og set dykk til bords med godt samvit. Syng gjerne ved bordet!

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis