Litteratur

Kjell Askildsen (1929–2021)

Kjell Askildsen døydde fredfullt torsdag 23. september.
Kjell Askildsen døydde fredfullt torsdag 23. september.
Publisert Sist oppdatert

Det hender ein norsklektor har gode stunder. Førre skuleår leverte ein elev ein sterk analyse av Kjell Askildsens tittelnovelle frå debutsamlinga frå 1953 Heretter følger jeg deg helt hjem.

Den unge kurdiske jenta kjende seg att i teksten, som skildrar korleis eit samfunn prega av ein streng og pietistisk religion er ute etter å kverke kriblande drifter hos unge menneske. Om religionen heiter kristendom eller islam – det er same fenomen.

Seinare i forfattarskapen fekk Askildsen stadig meir åtgaum for noveller som handlar om dei heilt gamle. Dette er menneske som har trekt seg attende frå verda, som ventar på døden og har gitt opp det meste, men som likevel ikkje heilt greier å gi slepp på håpet – før det òg til slutt glepp. I novella «En plutselig frigjørende tanke» er den frigjerande tanken at det er mogleg å gjere slutt på seg sjølv.

Ordet «håp» er faktisk eit av dei som går att mest i tekstene hans. Få kan som Askildsen skildre kor mykje ei lita strime av lys betyr for ein som lever i eit stort mørke. Med eit blikk som var like skarpt og vakent som det var vennleg, skildra han sære og kanskje på somme måtar mistilpassa karakterar, menneske som balar med dei harde grunnvilkåra i menneskelivet.

Vi er alle djupast sett einsame. Kvart menneske er ei øy, og vi treng bruer for å nå over til kvarandre. Bruene er byggverk som kan kjennast så spinkle, så spinkle når vi tar prøvande skritt for å nå den andre.

Bruer er byggverk som står i eit spenn. Askildsens personar står ofte i fleire slike dirrande spenn, klemde fast i posisjonar som bind og fangar. Frykta for å tape ansikt støyter mot hungeren etter verkeleg kontakt. Kampen mot dumskapen kolliderer med kampen mot isolasjonen. Ikkje minst står desse menneska i ein skvis mellom behovet for at nokon skal sjå dei, og trongen til å rive seg laus frå band som er kvelande. For det er jo ein grunn til at dei er komne dit – til den store einsemda. Mange av novellene handlar om bindingar til andre som slett ikkje er gode, ofte er det slektskapsband som hemmar og verkar innskrenkande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement