Kina som komedie og tragedie

– Ei meir demokratisk utvikling vil tvinge seg fram i Kina, meiner forfattaren av romanen Brødre.

Publisert Sist oppdatert

Det er ei sju hundre sider tjukk kinesiske krønike som i Harald Bøckman og Baisha Lis blomstrande omsetjing skildrar utviklinga i Kina frå før kulturrevolusjonen til byrjinga av 2000-talet, gjennom lagnaden til halvbrørne Skalle-Li og Gong Sheng, i ein småby i Søraust-Kina. Med eit brokete persongalleri tek forfattaren lesaren med på eit halvt hundre års reise der kulturrevolusjonens rå brutalitet formar utviklinga i første del, med tragediar på slagmarka også etter den andre.

–?Det er ein roman der ikkje noko blir stukke under ein stol, også spekka med humor. Nokon har kalla det politisk såpe. Kva seier du til det? –?Det tek eg med stor ro. Eg har sjølv levd med slike hendingar i Kina i denne perioden, seier forfattaren, som opnar romanen med at den eine av brørne som liten gut smugkikkar på damerumpene på fellesdassen og tek seg betalt med ei skål trestjerners nudlar for å fortelje nyfikne menn om kva han såg.

–?Ei forteljing om Kina som startar som komedie og endar som tragedie? –?Det kan du seie. Utgangspunktet var at eg ville skrive om ein tragedie med kulturrevolusjonen som den mest ekstreme, og så vart dei ei opning som på eit vis er ekstremt komisk. Til slutt endar det i nye tragediar.

Kina i ti ord

Brødre er den fjerde romanen til Yu Hua. Den første i 1992 var To Live som vart storfilmen av same namn av den kinesiske regissøren Zhang Yimou. Filmen skildra utviklinga i Kina på ein måte som gjer at han framleis er offisielt bannlyst i landet. Det er også den siste boka til Yu Hua, Kina i ti ord.

–?Romanen min kan dei gje ut, for det er fiksjon, sjølv om skildringa av kulturrevolusjonen er ei realistisk forteljing om korleis den revolusjonære mobben tok livet av folk, slik det skjer med fleire personar i romanen. Den siste boka er ei artikkelsamling der den første handlar om Tienanmen-opprøret i 1989, der eg var. Det er framleis hundre prosent tabu i Kina, så eg leverte ikkje eingong boka til den kinesiske forleggjaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement