Kassettar
Kassetten har vore ein viktig del av kulturhistoria vår. No kjem han attende.
I over 30 år var kassetten det føretrekte formatet for musikk. Men på midten av 2000-talet blei han for dyr å produsere, og ein måtte overlate songane til digitale filer. No arbeider ei gruppe med å få kassetten tilbake som musikkformat og personleg kunstverk.
Sidan kassetten såg dagens lys, har han vore nytta til ikkje berre musikk, men alt frå lydbøker til språkopplæring, vitsar og reklame. Vi tok Postens sommarkassett med på ferie, abonnerte på kassettar med hitar frå Abba og Elvis, medan ungane følgde Disneys eventyr på raude kassettar og bladde i ei medfølgande bok då det sa pling. Sjølv Dagbladet hadde sin eigen kassett med Rolv Wesenlund og Harald Heide Steen jr., medan vi frå Sørlandet sat og lo til Gunders vitsekassett.
Kassetten vart òg det mest personlege uttrykket for musikk. Ein kunne spele inn kjærleikssongar heime og sende i posten til nokon ein var glad i, eller lage ein mikskassett med songar frå radio. Frå midten av 80-åra var det å lage mikskassettar innan urban og elektronisk musikk rekna for å vere ei kunstform. Det var meir arbeidskrevjande enn på dagens digitale tenester der ein med nokre klikk kan lage ei speleliste og dele med andre.
Kunstverk og uttrykk
I fjor vart Cassette Store Day, ei feiring av kassetten, for første gong markert i Noreg. Då var det André Bratten, spellemannprisvinnar i kategorien elektronika, som laga ein dobbel jubileumskassett innspelt heime og utgitt på kassettforlaget Hjemme med Dama. Bratten trur at den nye interessa for kassettar kjem av at mange som er unge i dag, ikkje har eit forhold til fysisk musikk, medan det for dei litt eldre handlar meir om nostalgi.
– Eg ville lage ein kassett fordi eg syntest det var gøy å lage ein miksteip på den gode, gamle måten, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.