Lyden av band
Kassetten har vore ein viktig del av kulturhistoria vår. No kjem han attende.
Kassettar
Musikkassetten blei lansert i 1962.
Han var det føretrekte formatet for musikk fram til CD-en kom ut i 1994.
Entusiastar lagar framleis kassettar, og dei har skipa ein eigen dag for å feire formatet.

Musikk
andre@dagogtid.no
I over 30 år var kassetten det føretrekte formatet for musikk. Men på midten av 2000-talet blei han for dyr å produsere, og ein måtte overlate songane til digitale filer. No arbeider ei gruppe med å få kassetten tilbake som musikkformat og personleg kunstverk.
Sidan kassetten såg dagens lys, har han vore nytta til ikkje berre musikk, men alt frå lydbøker til språkopplæring, vitsar og reklame. Vi tok Postens sommarkassett med på ferie, abonnerte på kassettar med hitar frå Abba og Elvis, medan ungane følgde Disneys eventyr på raude kassettar og bladde i ei medfølgande bok då det sa pling. Sjølv Dagbladet hadde sin eigen kassett med Rolv Wesenlund og Harald Heide Steen jr., medan vi frå Sørlandet sat og lo til Gunders vitsekassett.
Kassetten vart òg det mest personlege uttrykket for musikk. Ein kunne spele inn kjærleikssongar heime og sende i posten til nokon ein var glad i, eller lage ein mikskassett med songar frå radio. Frå midten av 80-åra var det å lage mikskassettar innan urban og elektronisk musikk rekna for å vere ei kunstform. Det var meir arbeidskrevjande enn på dagens digitale tenester der ein med nokre klikk kan lage ei speleliste og dele med andre.
Kunstverk og uttrykk
I fjor vart Cassette Store Day, ei feiring av kassetten, for første gong markert i Noreg. Då var det André Bratten, spellemannprisvinnar i kategorien elektronika, som laga ein dobbel jubileumskassett innspelt heime og utgitt på kassettforlaget Hjemme med Dama. Bratten trur at den nye interessa for kassettar kjem av at mange som er unge i dag, ikkje har eit forhold til fysisk musikk, medan det for dei litt eldre handlar meir om nostalgi.
– Eg ville lage ein kassett fordi eg syntest det var gøy å lage ein miksteip på den gode, gamle måten, seier han.
Viktig kultur
Også andre spellemannprisvinnande artistar har laga eigne kassettutgivingar: komponist og vokalist Susanna Wallumrød, støyrockarane i Årabrot, rockebandet Beglomeg, popbandet Bow To Each Other, indiebandet Band of Gold og visebandet Kråkesølv.
– Kassettane var tidlegare ein viktig del av kulturen vår, og dei var tilgjengelege overalt, frå kiosken på hjørnet til bensinstasjonar og matbutikkar. Det er mykje musikk som primært levde i kassettformatet, til dømes dansebandmusikken, seier Lasse Marhaug, ein pioner i det norske kassettmiljøet og tidlegare musikkurator ved Henie Onstad kunstsenter.
Kassetten blei lansert i 1962 og dukka opp i norske aviser i 1966, presentert som ein robot som kunne lytte, synge, spele, snakke og arkivere. Kassetten hadde stordomstida si frå 70-åra og fram til byrjinga av 2000-talet og var ein viktig del av demokratiseringa av musikken. Kassetten fekk musikken ut til folk flest.
Kassetten levde det gode livet saman med både vinyl og CD. Han var billegare å produsere og distribuere enn vinyl og sørgde for lågare pris for forbrukaren og meir pengar i kassa til artistane. Då CD-en kom i 1982, skulle han bli musikkbransjens gullkalv, sidan han var billegare å produsere enn kassetten, like kompakt å distribuere og samtidig hadde «betre» lyd enn vinylen. (Om dette stridest sjølv dei lærde.)
Kassettane kunne ikkje skilte med den same kvaliteten som vinyl og CD. Til gjengjeld var han kompakt, fekk ikkje riper og var mindre ømfintleg for rørsle. Han eigna seg difor godt på reise i walkman eller i bil.
Pengemaskin
Så seint som i 1994 var kassetten framleis det mest populære formatet for musikk, som heile 56 prosent av oss nytta, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå, samtidig som 7 prosent nytta vinyl. Året etter blei kassetten forbigått av CD-en, og deretter fall han som ein stein på statistikken. Då MP3-spelaren blei lansert i 2004, var kassettlyttinga nede i 10 prosent, og då strøymetenestene kom i 2008, var det berre 2 prosent som nytta kassett.
Då kassetten kom til Noreg, blei han godt likt av både dei populære artistane og dei som opererte i smalare sjangrar. Den norske kassettkongen er artisten Knut T. Storbukås, alias Sputnik, som høyrde til ein folkeleg musikksjanger som selde mesteparten av musikken sin på bensinstasjonar. Sidan utgivinga av den første kassetten hans i 1986, har han selt over ein million kassettar, i tillegg til den minst like berømte Sputnik-trusa.
Frå sitt eige museum i Drangedal sel Sputnik framleis kassettar til dei som nyttar eldre bilar eller anleggsmaskiner, fortel kona og manager Vivian Storbukås.
– Vi merka ikkje så mykje til overgangen frå kassett til CD, seier ho.
Heller ikkje trusene vart ramma av den digitale utviklinga.
Band med metall
Den norske svartmetallen naut også godt av kassettane. Han fann vegen frå guterom, øvingsrom og konsertstader og blei ein av dei store kultureksportane våre.
– Kassetten betydde mykje for svartmetallen, fortel Lasse Marhaug.
Det var ikkje uvanleg at norske svartmetallmusikarar utan platekontrakt selde tusenvis av kassettar. Dei kopierte kassettane sjølve på guterommet og sende dei ut i verda der dei igjen blei kopierte vidare og delte ut. Kassetten var viktig for sjangrar som metall, hardcore, støymusikk og pønk, som jobba på tvers av landegrenser.
Ein viktig del av uttrykket i desse sjangrane har vore kassettlyden. Standardkassetten lét ganske dårleg og blei ofte spelt på ganske dårlege kassettspelarar, fortel Marhaug, men kassettane har nokre eigenskapar som er eigna for denne typen musikk.
– Når lyden som blir spelt inn, er sterkare enn bandet kan ta imot, får du ei rund forvrenging, ein fin analog kompressor. Det er ein kvalitet som ligg godt i menneskeøyret, og som maskerer mange feil. Difor læt mykje gammal metall og pønk så fint, fordi dei hadde verdas beste kompresjon tilgjengeleg gratis berre ved at dei nytta kassettar. Å gjere dette digitalt er krevjande, seier han.
Utan å spole
Dei digitale formata var omtrent gratis å produsere og distribuere. I tillegg fjerna dei behovet for å spole kassettar, flytte stiften eller snu vinylen. Dimed kunne ein enkelt hoppe fram og tilbake til føretrekte låtar og enkelt hoppe over dei ein ikkje likte. Denne hoppinga er eit avvik frå det grunnleggande albumformatet frå det vart utvikla i 40-åra og reindyrka som kunstform i nærare 70 år.
Samstundes med den digitale revolusjonen blei vinylen eit slags kjennemerke for «kvalitetsmusikk», både av artistar og entusiastar. I dei seinare åra har vinylen fått ein slags tilbakekomst, utan at det gav han meir enn 3 prosent marknadsoppslutning førre år.
Billeg og bra
Medan utstyr for å produsere vinyl kostar eit sjusifra beløp, kan ein kjøpe ei kopieringsmaskin for kassettar for under tusenlappen på bruktmarknaden. Dimed har kassetten blitt eit format å eksperimentere med for både musikaren og designaren. Kassetten kan by på musikk som ikkje finst andre stader, eller som druknar i det digitale havet av strøyming på internett. Gjerne i små opplag og pakka inn som eit personleg lite kunstverk til rundt hundrelappen.
Det er mange kassettspelarar til sals på Finn.no, og dei kostar heller ikkje all verda. For eit par hundrelappar kan ein få ein berbar kassettspelar, og for eit par hundrelappar til har han gode høgtalarar.
Men det er ikkje berre fordi det er billeg at somme ønsker kassetten tilbake.
Vinylens popularitet har gjort at mange av dei store plateselskapa ønsker å trykke opp gamle plater og selje dei endå ein gong. Det har gjort at kapasiteten på dei attverande vinylpressene har blitt mykje dårlegare for mindre plateselskap. Før kunne dei få trykt plater på tre veker. No kan det ta seks månader.
Samstundes har vinylen også mista noko av den tidlegare statusen. I dag kan ein kjøpe Rolling Stones og Bigbang på vinyl hos Circle-K og Coop OBS.
Langsam prosess
Ein av dei som arbeider for å få kassetten attende, er kunstnar og designar Espen Friberg. Frå atelieret sitt på Ensjø i Oslo driv han kassettselskapet Take It Easy Policy saman med Emil Høgset. Dei kopierer kassettar, distribuerer dei sjølve og arrangerer klubbkveldar.
– Vi hadde lyst til å gje ut musikk fysisk og i små opplag, så kassettar blei løysinga. Sidan vi kopierer sjølve, er det også veldig billeg, seier han.
Dei har ei gammal kassettkopieringsmaskin som er kjøpt billeg på bruktmarknaden, i tillegg til eit nyare system for å kopiere kassettar. På nettstaden eBay kostar ein kassettduplikator frå 300 kroner til rett over 1000-lappen.
Friberg viser korleis han koplar ein kabel frå datamaskina til duplikatoren og kopierer musikk til tre kassettopptakarar samstundes. Deretter må han vente kring 20 og 40 minutt, avhengig av kor lang kassetten er. Så må kassetten snuast og prosessen gjentakast på neste side.
– Det går med ein del kaffi undervegs, fortel han.
På fire og ein halv time har han laga 14 kopiar av ein kassett med eigen musikk. Omslaga lagar dei i atelieret, med måling eller tusj, som gjer kvar enkelt kassett til eit unikt lite kunstverk.
Førstkomande laurdag samarbeider kassettforlaget til Friberg med kassettforlaget Hjemme med Dama om å arrangere Cassette Store Day, ei feiring av butikkar som sel kassettar og forlaga som gjev dei ut. Og dei har laga ein eigen kassett i høve dagen.
Lasse Marhaug trur det nye engasjementet for kassettar kjem av at enkelte ønsker å ha eit fysisk objekt som ein del av det å oppleve musikk.
– Brian Eno sa at det som definerer eit format, er veikskapen. Det er kanskje difor vi skal kose oss med kassettane. For den eventyrlystne musikkentusiasten er det mykje fint å finne i kassettverda. Har ein i tillegg ein samlar i seg, er det mykje glede å hente. Den nye kassettbølga kjem ikkje til å få det kommersielle jaget som vinylbølga har fått. Kassettmusikken er musikk som blir laga av kjærleik til musikken og formatet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den nye kassettbølga kjem ikkje til å få det kommersielle jaget som vinylbølga har fått.
Lasse Marhaug, kassettpioner
Fleire artiklar
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.