KÅRING:
Årets tåpelegaste namn
Mellom mange gode kandidatar har Dag og Tid-juryen valt dei tre dårlegaste nynamna dette året.
Kristin Fridtun, som skriv om ord, og Per Egil Hegge, som skriv om det som måtte falla han inn når leveringsfristen er nær, har av sjefredaktøren fått i oppdrag å kåra dei tre dårlegaste, tåpelegaste institusjonsnamna i kongeriket i 2018.
Dei nominerte var:
Equinor (tidlegare Statoil)
Fjord (kommunane Norddal og Stordal på Sunnmøre som skal gå saman)
Vestland, Viken og Innlandet (nye fylke)
OsloMet (tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus)
Generelt vil topersonsjuryen seia at konkurransen her er umåteleg hard, og alle dei nominerte kunne ha fortent pallplass. Men det skal skiljast, og her er konvoluttane opna:
Nummer 3: Equinor
Her har namnemakarane nådd to sublime mål: For det første har dei fått med den heilt unorske bokstaven q. For det andre har dei lukkast med å gøyma bort alle hint om kva selskapet driv med. At dette skulle vera eit norsk firma som finn, raffinerer, produserer og eksporterer energi, vil ingen få mistanke om. I eitt ord: raffinert.
Nummer 2: Fjord
Vi lyt plaga lesarane med litt grammatikk. Kommunenamnet Fjord er eintal av Fjordane, som no går ut or både soga og fylkeslista som del av «Sogn og Fjordane». Men i til liks med vinnaren (som vi gøymer til slutt) er dette eit fellesomgrep, ikkje eit namn, og særnamn enda mindre.
Nummer 1: Innlandet
Øvst på pallen, nr. 1 og trompetfanfare for fylkesnamnet Innlandet. Tatarata!
Innland er det minst like flust av i kongeriket som det er fjordar. Frå 10-kilometersteinen nord for Lindesnes og heilt til Finnmarksvidda og enda litt lenger er det berre skire innlandet. Verkeleg kreativt og med sans for dei lange linene i geografien.
Ein som var like hardt plaga av namnenaud som diktarar kunne vera av rimnaud, var polfararen Otto Sverdrup (1854–1930). Han leidde den andre ferda med «Fram» i åra 1898–1902, og da han skulle namngi fjell, nes, øyar, sund og bukter i isøydemarka i Nord-Canada, treiv han trøndelagskartet og stal som ein ramn. Han redda seg ut av fantasiløysa si ved å forvandla seg til kopist.
Heller ikkje såpass greidde dei i departementa i kongeriket 120 år seinare.
Kva lærer vi av dette? At verda ikkje alltid går framover. Ikkje langsamt eingong.
Hardaste konkurrent: OsloMet. Når det ikkje nådde opp, med den unorske storbokstaven i midten, og som Equinor utan signal om kva institusjonen driv med, er det fordi desse manglane longe er uttværa i debatten.
Kristin Fridtun
og Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.