Diktet
Kari Bremnes er ein låtskrivar som har skapt tekster og melodiar som har rørt mange, skriv Henning Sommerro.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kari Bremnes (f. 1956) har sin eigen tone, og har halde fast ved den. Ho har vore journalist og samarbeidd med ulike artistar, men samstundes har ho vore tru mot opphavet i nord og songarfamilien Bremnes. Ho er ein låtskrivar som har skapt tekster og melodiar som har rørt mange.
Kari debuterte som plateartist med Folk i husan i 1980, men det store gjennombrotet kom i 1987 med albumet Mitt ville hjerte. Med dette fekk ho raskt ein posisjon som ein av våre mest personlege formidlarar. Når vi les det ho skriv, høyrer vi samstundes den personlege røysta hennar, noko som ikkje er eit minus, men ein stor styrke.
Songen «Håpet» er frå albumet Og så kom resten av livet (2012). Det er ein song fri for fiksfakseri. Lydbiletet er opent og gjennomsiktig, og ein ostinatfigur i bandet driv låten framover. Harmonisk er han svært enkel, men effektiv, og melodien har eit klassisk rammeverk med høgdepunkt i tredje til fjerde versline. Dei tre strofene har ein fast rytmikk og ber fram tankar om håp. Til slutt kjem eit etterspel som gjev plass til å reflektere over det vi har høyrt.
Håpet er lett, og vi kan ta det med oss overalt. Det tek ingen plass. Ja, vi kan legge det i lomma som eit pass! Dette er artige, folkelege bilete.
Teksta lesen som dikt er kort og konsis, og personleg får eg assosiasjonar til stev. Tekster som kan stevjast, er oftast frie for jåleri. Dei er rett på, spontane og ærlege.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.