Kan rådmannen vera direktør?
Valgerd Svarstad Haugland gjekk frå å vera fylkesmann i Oslo og Viken til å verta statsforvaltar i same fylke frå 1. januar i år.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
KOMMENTAR
kapollestad@gmail.com
Kong Olav laut i si tid slutta å opna nyttårstalane med «kjære landsmenn». Me skjøna at han lika det ille, for i sitt indre øyra hadde han nok framleis lyden av faren sine talar frå London under krigen: «kære landsmenn». Det var ein tiltale med sagaklang som høvde i ein kongemunn. Men tidsånda ville det annleis, og som konstitusjonell monark bøygde han seg for henne. Kong Harald byrja med «kjære alle sammen», men tykkjest etter kvart å ha funne ut at det er i betre samklang med stunda å opna utan tiltale.
No vil tidsånda ha bort ordet mann i dei fleste samanhengar – det er eit under at me framleis får kalla oss nordmenn i gynokratiet (kvinneveldet). Ogso kvinner er nordmenn med full rett, og mothugen mot mann, til dømes i yrkestitlar, byggjer på filologisk vankunna. Det var på norrønt som på engelsk, at mann både hadde ei kjønna («mann») og ei ukjønna tyding («menneske»). Difor kan ei kvinne med same rett som ein mann kalla seg formann og fylkesmann.
Det pinlege er at ingen vågar å slå i bordet og setja vankunna på plass. Då øydelegg me heller språket med å byta ut gode norske ord med framandord. I staden for gjerningsmann har me til dømes fått bastardordet gjerningsperson.
I iveren etter å få bort alt som minner om mann, ofrar me til og med demokratiske prinsipp. Det siste nye er at rådmannen er vorten «kommunedirektør» (no måtte gåseaugo fram). Det må vel vera i strid med demokratiet. Ein direktør dirigerer, men i ein demokratisk kommune er det berre dei folkevalde som kan gjera det. Er me dumme nok til å kasta vrak på det gode ordet rådmann, kunne kommunerådgjevar vera eit ukjønna ordval, eller kommunekonsulent, om ein på død og liv skal ha det på latin. Men byråkratar som gjev seg sjølve direktørtittel, lever nok i ei trygg von om eit tilsvarande opprykk på lønsskalaen. Eg kunne ha skrive dikt om ein rådmann, anten han var mann eller kvinne, men ikkje om ein «kommunedirektør».
Det som djupast sett skjer, er ei «avpoetisering» av språket. Dette kjem særleg klårt til uttrykk i forbodet mot hokjønnsformer av yrkestitlar. Ein ‘dansar’ er på nyspråket kjønnslaus. Det er livlaust byråkratspråk. Ordet er redusert til sjølve funksjonen: ein eller ei som dansar. Men for at ord skal fungera poetisk, må dei vera biletskapande, og ein dansar utan kjønn vekkjer ingen bilete. Ei dansarinne vekkjer mange, og ingen av dei bør vera forbodne i ein kultur med fritt åndsliv.
I land som Frankrike, Tyskland og Italia har kvinnerørsla ogso blanda seg inn i språkpolitikken, men med motsett forteikn i høve til den norske. Her krev dei hokjønnsformer i all tiltale og alle titlar. Den franske presidenten opnar alle talar til folket med Français, Françaises. Skal ein halda føredrag i Tyskland, heiter det innleiingsvis: «Kjære tilhøyrarinner og tilhøyrarar.» Og ei italienarinne med professorat skal titulerast professoressa. I Noreg er det god kvinnesak å gøyma kjønnet, i Europa å lyfta det fram.
Danskane har si eiga løysing, ogso på dette. Menn som går inn i tradisjonelle kvinneyrke, skal ha tittelen i hokjønn. Eg vert ikkje trøytt av å fortelja då eg fyrste gong opplevde dette, i samtale med ein mann på danskebåten. Han var «sygeplejerske», og var so van med det at han ikkje skjøna kvifor eg lo. Det gjorde han fyrst når eg røpte mi stilling ut frå same logikken: «Jeg er nonne!»
Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar, katolsk prest i unåde og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For at ord skal fungera poetisk, må dei vera biletskapande.
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.