Junot Diáz i hardt vêrForfattaren Junot Diáz stod fram som offer for seksuell trakassering. No blir han skulda for sjølv å vera overgripar.

Forfattaren Junot Diáz stod fram som offer for seksuell trakassering. No blir han skulda for sjølv å vera overgripar.

Publisert

Den amerikanske forfattaren Junot Díaz vart i mai skulda av ei rekkje kvinnelege forfattarar for seksuell trakassering. Det skjer berre éin månad etter at han sjølv stod fram som offer av seksuell misbruk i ein artikkel i New Yorker.

Junot Díaz slo igjennom med romanen The Short Wondrous Life of Oscar Wao, (Oscar Waos korte, makeløse liv på norsk), ei bok han fekk Pulitzer-prisen for i 2008.

Skuldingane kom på ein litteraturfestival i Sydney. Der fortalde forfattaren Zinzi Clemmons korleis Díaz hadde tvinga seg på henne for seks år sidan, og kyssa henne: «Eg er ikkje den einaste som har opplevd dette, og no nektar eg å teia om dette lenger.» Etter utsegna har to andre forfattarar lagt ut meldingar på sosiale medium og skulda amerikanaren for liknande trakassering.

I artikkelen til Díaz i New Yorker fortalde han om ei valdtekt i ungdomen og korleis det hadde gjeve han alvorleg depresjon og ukontrollerbart sinne. Han skreiv òg at han hadde eit problematisk tilhøve til kvinner. Clemmons meiner Díaz skreiv artikkelen som ein avleiingsmanøver.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement