Journalisten Vinje gjorde urett mot Anne Evenstad I forteljinga «Kaksen» gjer skam på alt han vert rosa for: tvisynet for å finne fram til sanning.
I forteljinga «Kaksen» gjer A.O. Vinje skam på alt han vert rosa for: tvisynet for å finne fram til sanning.
Anne Evenstad (1830–1909) tok over storgarden Evenstad i Østerdalen og stifta fleire legat til samfunnsnyttige føremål.
I jubileumsåret får vi høyre at Aasmund Olavsson Vinje skapte ein ny journalistikk. I staden for å sitje på eit kontor og klippe saman nyhende, som vanleg var, gjekk han ut og observerte og skreiv om det han sjølv såg og høyrde. Han stilte spørsmål, var kritisk og såg alltid ei sak frå minst to sider.
Ferdaminne frå sumaren 1860 kom fyrst som føljetong i avisa Dølen, og må vel kunne reknast innan journalistikken, som reisebrev. Men i stykket «Kaksen» har Vinje berre høyrt på bygdesladderen. Då Vinje var i Stor-Elvdal sommaren 1860, var det gått vel eit år sidan dei dramatiske hendingane på Evenstad etterjulsvinteren 1859, som han skildrar i «Kaksen». Det er ikkje kaksen som blir hovudperson, men husmannsjenta Anne Olsdatter Kjøllhamar (1830–1909).
Som ei novelle
Livet til Anne Kjøllhamar blei som ei vekebladsnovelle. Frå å vera husmannsjente og seinare tenestejente på den største garden i bygda, blei ho kone på same gard. Men det førte til mykje sladder og stygt prat om Anne i bygda, og dette ser det ut til at Vinje har lytta til då han var i Stor-Elvdal.
Å høyre på sladder var ulikt Vinje, skulle eg tru, og særleg om ei husmannsjente når han sjølv var husmannsgut. Den einaste forklaringa er at han ville gjeva eit spark til dei rike storbøndene og dei svarte sidene ved herrelivet hjå mange østerdølar, at mange «forkjem av drykk og gode dagar», som han skriv. Og så kjem han med denne forteljinga: «Kaksen». Det er ikkje vanskeleg for samtida å sjå at det gjeld Evenstad. Rett nok brukar han andre namn og kallar gutane på Evenstad Sigurd og Svein. Men Anne, husmannsjenta, fekk behalde namnet sitt.
Husmannsdotter
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.