Ivar Aasen om Aasen-mytane

Publisert Sist oppdatert

Ein humorist har lagt ut ein stil om Ivar Aasen på nettet. Han forklarer oppkoma til nynorsken på denne måten: Aasen var forelska i Jørgen Moe. Men han var alt i eit forhold til Asbjørnsen. For å kunna møta Moe, utan at Asbjørnsen oppdaga det, fann Aasen på at han kunne samla inn ord, medan Moe samla eventyr. Så kunne dei møtast utan å skapa mistankar. Aasens homofili ser han prova i at språkgranskaren skal ha strikka. Og heterofile menn strikkar jo ikkje.

Denne historia om Aasen skil seg positivt frå andre mytologiar om Aasen, ved at den ikkje tek seg sjølv alvorleg. Ingen trur på dette, heller ikkje han som skriv. Andre som har skrive om far til nynorsken, har skapt mytar utan humoristisk distanse. Aasen sjølv var klar over at han var i ein sårbar situasjon. Når nokon frå «Almuen» søkte akademisk kunnskap, må han ha «tykke Ører», og ikkje ta seg nær av folkesnakket, skriv han i teksten «Lærelystne Ynglinges Skjæbne» frå 1836. Han skriv dette i huslærartida si på Solnør, same året som han formulerer den viktige programteksten «Om vort Skriftsprog» – som han klokleg nok ikkje trykkjer nokon stad. Han er 23 år, han veit kva han vil, og noko om kva det vil kosta. Ein av kostnadene er at folk vil skapa ei mengd rare historier om han.

Skriv for å løyna seg

Aasen etterlét seg ein stor forfattarskap. Det største og tyngste, i fagleg og historisk forstand, er dei språkvitskaplege arbeida. Det skaper framleis undring at éin person kunne gjera så mykje – samla inn så mykje materiale, skapa kategoriar å ordna det etter, grunnleggja ein ny, tid-høveleg språkvitskap på same tid som han samla inn og definerte eit norsk språk. Han måtte skapa reiskapane (grammatikken) på same tid som han fann materialet (ordboka). I tillegg skreiv han dikt, sette om, samla inn ordtak og skreiv dagbok. Men han skriv meir for å løyna seg enn for å blotta seg. Det er meir krimsjuke enn kjensler i dagbøkene hans, og språkarbeida er upersonleg vitskaplege.

Skal ein finna Aasens eiga røyst, må ein leita i det upersonlege. Det eg kjenner som det ekte aasenske framfor noko, er tekstar han samla inn: ordtaka. Kanskje fordi det finst Aasen-appar og kalendrar, der fyndorda blir dryssa ut kvar dag, som bibelvers i ei andaktsbok. Det skaper ei trygg og sikker kjensle: Her talar meisteren sjølv. Han er nærast når han siterer andre. Han er ingen Knausgård, som diktar om det sørgjelege livet sitt. Han er heller målaren som går inn i sitt eige kunstverk og blir borte. Vil du snakka med han, så svarar han med sitat. Skryter du av hans lærdom, svarar han: «D’er ingen for stor til å læra». Sukkar du over det kalde huset hans i Teatergata, svarar han: «Di større stova, di verre å verma.» Fester du deg ved den tidvis harde oppveksten hans (foreldrelaus som trettenåring), svarar han: «Store Ting skulo byrja smått».

I den skattkista som heiter Norske Ordtak eller Norske Ord-sprog, første gong i 1856, seinare i 1881 og 1892, kan ein også finna dei fyndigaste kommentarane til mytemakeriet om Ivar Aasen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement