Ingen søndagstur

Karen Ingeborg Bye har vigd store delar av kunstnarskapet til å komponere skogsinteriør.

«Trær og vei ned mot havet», kol og akryl på papir, 230 x 375 cm.
«Trær og vei ned mot havet», kol og akryl på papir, 230 x 375 cm.
Publisert

Skogsinteriør er ein velkjend sjanger i norsk måleri som strekker seg heilt attende til J.C. Dahl. I desse motiva får ein ikkje den oversikta som landskapsskildringa har, ein kjem tettare på. Det er som om publikum sjølv står i skogen, og trea er for høge til at vi ser kronene.

Bye har skildra skogane i svære format, trea og skogbotnen er måla med kraftige, heftige linjer. Dei kling sterkt mot oss i svarte og grå nyansar. Det er djupt fascinerande arbeid, tilsynelatande så enkle i utforminga, samstundes så rike og stemningsfylte.

Mellom dei digre formata heng seriar med verk i små format, som titteskap du kan granske på nært hald. Somme av desse funklar forsiktig mot oss i blått, grønt og raudt.

Verkstaden

Landskapa til Bye fungerer svært godt i den lyse utstillingssalen i Nils Aas Kunstverksted på Straumen i Inderøy. Galleriet ligg i nord for Trondheim, ein køyretur på knappe to timar nordover langs Trondheimsfjorden. Nils Aas (1933–2004) fekk gjennombrotet sitt med den svaie, langstrekte framstillinga av Haakon VII (1967) på 7. juni-plassen i Vika i Oslo. Verket var ei nyvinning i norsk kunst, med eitt var han ein av våre fremste, ein posisjon han heldt fram til han døydde i 2004. Sjølv om han tidleg flytta til Oslo, hadde han nær kontakt med heimstaden og donerte ei stor samling til opninga av Nils Aas Kunstverksted i 1996. Sidan har dei fått eit stort deponi, som er i ferd med å utvidast.

Nils Aas Kunstverksted er flittig besøkt av så vel dei som bur i området, som turistar. Også kunstinteresserte kjem langvegsfrå for å sjå. Galleriet har i tillegg ein stor og innhaldsrik verkstad for publikum, endåtil skulane i Trondheim sender busslaster med elevar hit for å lage skulpturar og romlege konstruksjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement