Ingen søndagstur
Karen Ingeborg Bye har vigd store delar av kunstnarskapet til å komponere skogsinteriør.
«Trær og vei ned mot havet», kol og akryl på papir, 230 x 375 cm.
Biletkunst
Karen Ingeborg Bye:
«Malte tegninger, tegnede malerier»
Nils Aas Kunstnerverksted, Inderøy
16. februar–14. april
Skogsinteriør er ein velkjend sjanger i norsk måleri som strekker seg heilt attende til J.C. Dahl. I desse motiva får ein ikkje den oversikta som landskapsskildringa har, ein kjem tettare på. Det er som om publikum sjølv står i skogen, og trea er for høge til at vi ser kronene.
Bye har skildra skogane i svære format, trea og skogbotnen er måla med kraftige, heftige linjer. Dei kling sterkt mot oss i svarte og grå nyansar. Det er djupt fascinerande arbeid, tilsynelatande så enkle i utforminga, samstundes så rike og stemningsfylte.
Mellom dei digre formata heng seriar med verk i små format, som titteskap du kan granske på nært hald. Somme av desse funklar forsiktig mot oss i blått, grønt og raudt.
Verkstaden
Landskapa til Bye fungerer svært godt i den lyse utstillingssalen i Nils Aas Kunstverksted på Straumen i Inderøy. Galleriet ligg i nord for Trondheim, ein køyretur på knappe to timar nordover langs Trondheimsfjorden. Nils Aas (1933–2004) fekk gjennombrotet sitt med den svaie, langstrekte framstillinga av Haakon VII (1967) på 7. juni-plassen i Vika i Oslo. Verket var ei nyvinning i norsk kunst, med eitt var han ein av våre fremste, ein posisjon han heldt fram til han døydde i 2004. Sjølv om han tidleg flytta til Oslo, hadde han nær kontakt med heimstaden og donerte ei stor samling til opninga av Nils Aas Kunstverksted i 1996. Sidan har dei fått eit stort deponi, som er i ferd med å utvidast.
Nils Aas Kunstverksted er flittig besøkt av så vel dei som bur i området, som turistar. Også kunstinteresserte kjem langvegsfrå for å sjå. Galleriet har i tillegg ein stor og innhaldsrik verkstad for publikum, endåtil skulane i Trondheim sender busslaster med elevar hit for å lage skulpturar og romlege konstruksjonar.
Det er fascinerande at ei slik perle av eit galleri finst i vesle, vakre Inderøy. Denne pulsen har gjort noko med heile staden. Fleire mindre galleri har kome til, og vi møter flotte skulpturar og installasjonar i gatene og i parken.
Galleriet har ei fast utstilling som viser eit tverrsnitt frå det allsidige kunstnarskapet til Aas. Han arbeidde like lett i tre, leire og gips som i metall, ståltråd og endåtil papir. Midt i hovudrommet ruvar den fire meter høge installasjonen «Bauta» (1996), ei rund og konkav form som er bygd opp av blandingsved.
I tillegg har galleriet fire–fem skiftande utstillingar i året. Utstillingane vert plasserte imellom arbeida til Aas, noko som skaper interessante dialogar. I denne utstillinga opplever vi at bileta til Bye fungerer godt saman med trearbeida til Aas. Det er særleg tankevekkande å sjå verka saman med «Bauta», som heidrar måten treverket har vore nytta på som ressurs. I kontrast er skogane til Bye aude, skremmande vanrøkta.
Nakne greiner
Bye skildrar aude, tause landskap, her er ikkje noko liv. Også dei svarte stammane ser døde ut. I verket «Trær og vei ned mot havet» er skogen tett og uryddig, eitt tre har også velta og luter mot stien. Greinene breier seg utover, det er nærast slik at trea må kjempe for å skaffe seg plass. Trass i at vi er nær innmarka, er det ingen som steller skogen. Tørre, døde stammar stenger for dei nye, som krummar og krøker seg for å nå sollyset. Kvifor tek ingen seg tid til denne skogen. Har folk låst døra og flytta? Kan hende handlar verka om korleis kulturlandskapet gror att? Trea har heller ikkje blad eller nåler, kan hende er det ei kald og naken årstid, eller har det hendt noko? Har det vore brann, krig, klimaendringar med dei katastrofane det kan føre med seg? Dei tause trea røper ingen ting. Det kviler noko dystert over bileta hennar, noko som er vanskeleg å setje fingeren på.
I alle fall er dette ikkje nokon hyggeleg søndagstur.
Silhuettar i svart
Det er noko fascinerande over kunstverk i store format, slike som fyller heile veggflater frå golv til tak, så høge og breie at dei vert alt ein ser, som ein kan slukast opp av. Bye bruker gjerne papir, spikra rett på veggen. Sårbare, tynne verk, samstundes så grove linjer, røffe i stilen. Verka er utforma av teikning i kol og måling i akryl, ein kombinasjon som gir nattsvarte linjer i svakt glitrande støv. Skogsinteriør er eit utfordrande motiv å komponere, det er lett å gå seg vill i eit mylder av kryssande greiner. Når ein arbeider i det uttrykket Bye har valt, kan ein heller ikkje måle over og gå vidare. Ho har ei urørt lerretsflate eller papir som bakgrunn. Det er noko av det som skapar nerve i biletet – i sjølve teknikken ligg kravet om at ein ikkje kan gjere feil. I «Trær og vei ned mot havet» står stammar og greiner som svarte silhuettar mot den kvite bakgrunnen. Her er fleire av formene skrapa opp med ein spiss gjenstand for å lette uttrykket, som gir ein særeigen tekstur og liv. Verket er sett saman av fleire langstrekte flak, noko som minner om måten kinesiske og japanske kunstnarar utforma store landskapsteikningar på.
Motiva er utforma med inspirasjon frå så vel skogar i nærområdet som bilete ho har knipsa på ferie i Polen. Det er uråd å sjå forskjellen mellom motiva frå Noreg og Polen. Men kva som gøymer seg under trea, som røtene flettar seg kring, kan vere svært forskjellig. Det kan vere gamle slagmarker, det kan vere fråflytta gardar. Like ved «Trær og vei ned mot havet» heng «Kvelden i et annet land». Her har ho skildra eit landskap som vert bomba.
Skogen står ofte for det umedvitne, ei reise ned i psyken, inn i det som gjerne verkar forvirrande og uforståeleg. Samstundes er det ei spennande reise, i eventyr og folketru er skogen staden der alt kan hende, her er tussar og troll, og ein kan ikkje stole heilt på det ein ser.
Det nyaste biletet
Eit av dei siste arbeida hennar er det mest interessante, og det er alltid eit lovande trekk. Måleriet «Skogholt» er halde i ein varm, brunleg tone. Formene er oppløyste og diffuse. Prøver ein å fange motivet, glir det vekk som om det var ei hildring. Når ein går på avstand, klarnar motivet. Vi ser eit spel av håpefullt lys innover skogen.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.