Ingen nye Det er ingen universitet eller høgskular som per i dag planlegg å opprette fleire stillingar i tysk.

Det er ingen universitet eller høgskular som per i dag planlegg å opprette fleire stillingar i tysk.

Publisert

Interessa for tysk må byrja ein stad. I mi personlege historie byrja det med den gode tysklæraren, både på ungdomsskulen og på gymnaset.

Interessa for Tyskland har ikkje minska. Språklege ressurssenter, kampanjar og satsingar på tysk språk, som Tyskland-strategien til regjeringa frå 2015, er stabla på beina. Men det som verkeleg duger, er faste stillingar i tysk ved norske undervisningsinstitusjonar. Her er stoda enno ikkje opplyftande.

«I framtida kan det bli manko på lærere i ungdomsskolen som kan tysk og fransk», heitte det i ei utsegn frå Fremmedspråksentetet ved Høgskolen i Østfold i mai.

Det handlar altså om institusjonane som utdannar gode lærarar. I Noreg finst det berre éin høgskule som tilbyd masterfordjuping i tysk: Høgskolen i Østfold. Det har dukka opp spørsmål om tysk og andre språk skal bli ein del av den nye lærarutdanninga ved andre høgskular. Det har enno ikkje skjedd. Ungdom lèt seg nok heller styre av lidenskaplege lærarar i studieval enn rapportar frå NHO.

Dag og Tid tok kontakt med norske universitet, og spurde kor mange fast tilsette dei har i tysk, og om dei har planar om å opprette nye stillingar i faget. Sendelektorar, doktorgradsstipendiatar og dilikt vert haldne utanfor.

Her er svara vi fekk:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement