Diktet
Ikkje berre dei språklege bileta, men også vendingane diktet tek, overrumplar meg, skriv Anna Kleiva om «Jularbo».
Foto: Lars Lie / Gyldendal
Den aller første musikken som vekte dansefoten min, var gammaldans på trekkspel. Eg kan ikkje seie at eg har kjent det på same vis i vaksen alder. Men når eg set på Carl Jularbo etter å ha lese Arvid Torgeir Lie sitt dikt om han, er det som om eg blir løfta attende til mitt muntre tre–fireårige vesen. Det er ikkje lett å formidle med ord den kroppslege gleda musikk kan gi. Men at ein musikar «innførde våre musklar i musikk» er eit ganske godt bod.
Telemarkspoeten Arvid Torgeir Lie (1938–2020) kombinerer ein lett argumenterande tone (særleg fjerde strofe) med ein vid og saftig metaforbruk i dette diktet, henta frå samlinga Skrive og tenke (1971). Noko av det som gir diktet kraft, er at Lie ikkje nøyer seg med éin karakteristikk, men ramsar opp mange (andre strofe). Diktet er klart og tydeleg, samtidig som det boblar av språklege bilete.
Eg må innrømme at eg steglar av verset «Han ga oss det vi ville ha» – dette folket som visstnok alltid vil ha det same, var ikkje meir truverdig på 70-talet enn i dag – men lèt all irritasjon fare for diktets «bjørnelys» og «store og grøne» noter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.