I vente på neste Etter brannen i Lærdal i 2014 sette Miljødepartementet av 10 millionar årleg til brannsikring.

Etter brannen i Lærdal i 2014 sette Miljødepartementet av 10 millionar årleg til brannsikring. – Faren for brannar er enno stor, summen bør mangdoblast, seier Jens Bakke i fortidsminneforeininga.

No i desember brann det historiske Stedjetunet i Sogndal. Det har ikkje vore gode nok tiltak etter storbrannen i Lærdal i 2014, meiner Fortidsminneforeningen.
No i desember brann det historiske Stedjetunet i Sogndal. Det har ikkje vore gode nok tiltak etter storbrannen i Lærdal i 2014, meiner Fortidsminneforeningen.
Publisert

Vi er i desember månad, i Norden ein av månadene med størst brannfare. Det er ikkje lenge sidan storbrannen i Lærdal. Januar 2014 gjekk eit heilt bymiljø tapt i byen ved Sognefjorden. 35 bygningar vart totalskadde. 17 av desse var bustader. Det største tapet var eit freda hus frå 1840.

Regjeringa løyvde ein sum til kamp mot framtidige logar i revidert budsjett det året: 10 millionar for å tryggje trehusmiljø.

Noreg har om lag 160 trehusområde med stor tettleik av verna eller freda bygningar. Det er kring 5500 freda bygningar i landet, og over 90 prosent av dei er i privat eige. Er ein skarve sum av ti millionar nok til å tryggje alle desse bygningane mot brann?

Kikar vi på nyhende dei seinare åra, må tydelegvis meir til. «Vi var griseheldige», er kommentaren frå brannsjefen etter ein brann i Havnegata i Sandefjord i august. Han seier til Sandefjords Blad at det var nære på at det vart storbrann. Det har vore brannar i to historiske trehus i den gamle kvalfangarbyen i år, i Nybyen ved sida av brannen i Havnegata.

Andre byar er òg råka av stygge brannar. I mars var det brann i Østre Skostredet i Bergen, som vart etterfylgt av brann i to verneverdige hus i Sydnesgaten i same by i mai. No desember tok det historiske Stedjetunet i Sogndal fyr. Trass i innsatsen frå brannmannskapet vart Stedjetunet ikkje berga. Den tradisjonsrike bygningen frå 1900-talet, som har vore hotell, men som no tente som barnehage, vart totalskadd.

Sprinkling

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement