JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

I matematikk og kjærleik

Då Klara Hveberg vart matematikar, ønskte ho å ha noko attåt matematikken, noko som berre var hennar. Det resulterte i ein roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Klara Hveberg har prøvd å skrive ein roman med matematisk struktur.

Foto: Mone Celin Skrede

7265
20190111

Bakgrunn

Klara Hveberg er fødd i 1977 i Molde.

Ho har ein doktorgrad i matematikk frå Universitetet i Oslo og var tilsett som forskar frå 2000 til 2007.

Lene din ensomhet langsomt mot min er den første romanen hennar.

Litteratur

mone@dagogtid.no

– Eg svara alltid «noko på F» når nokon spurde meg kva eg ville verte når eg vart stor, seier Klara Hveberg og smiler.

Vi er nesten i slutten av intervjuet.

– Noko på F?

– Forskar, forfattar eller fiolinist.

Når ho opnar munnen, forventar ein å høyre moldedialekt. Til og med hovudpersonen i romanen er moldensar. Men det kjem klår austlending ut i staden.

– Vi snakka ikkje dialekt heime. Far min er frå Oslo og mor mi frå Thailand. Eg slo om til moldensar på skulen, seier Hveberg.

Ho er aktuell med sin første roman, Lene din ensomhet langsomt mot min, ei forteljing om to kvinnelege matematikarar: Rakel Havberg i notida, og Sofja Kovalevskaja frå Russland på 1800-talet. Ho vart verdas første kvinnelege professor i matematikk.

I geometri og kjærleik

To timar tidlegare sit Hveberg i inngangspartiet på bibliotekbaren med nasen i ei bok.

– Eg fann matematisk historie her, seier ho før vi vert følgde til bordet.

Hveberg har doktorgrad i fraktalgeometri frå Universitetet i Oslo. Far hennar er matematikar og mor hennar statistikar. Medan dei delte matematikken, var litteraturen berre hennar.

– Du nyttar matematikk i romanen: For å illustrere korleis hovudkarakteren din har det, set du opp reknestykke. Var du ikkje redd boka skulle verte for krevjande for lesaren?

– Eg var svært redd for det, men forlaget tykte matematikken utgjorde noko av det særeigne med teksten. Eg ville skildre personlegdomen til ein matematikar. Dei kan verke som tørre typar, seier Hveberg og smiler.

– Kva er matematikk for deg?

– Å føle at eg kan fordjupe meg i noko til verda forsvinn rundt meg, og forstå det til botnen. I matematikken finst ei objektiv sanning som alle er samde om. Det er godt.

Hveberg gestikulerer, byggjer seg ein struktur med hendene. I boka skriv ho om Rakel, som trass i eigen sjukdom fordjupar seg i matematikaren Sofja Kovalevskaja og samstundes forelskar seg intenst i den gifte matematikkprofessoren sin. Ho lovar å vente i åtte år til han kan forlate kona og borna sine.

– Rakel verkar, sjølv om ho er ei sterk kvinne i eit mannsdominert miljø, svært naiv. I lys av #metoo, kvifor valde du ei slik forteljing?

– Dette er ikkje ein #metoo-roman. Rakel forgyller røynda og held ut lenger enn ho kanskje bør. Sjølv om ho er urøynd, er ho ikkje dum. Eg var òg interessert i kva som ligg på kvinna i eit slikt forhold. I matematikken vinn dei irrasjonale tala. Mennesket har stor breidde, ønskjer ein noko sterkt nok, vinn det irrasjonelle ofte over det rasjonelle.

Kjønnsubalanse

– Miljøa for matematikk og naturfag har framleis stor kjønnsubalanse, ifølgje komiteen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (KIF). Har du opplevd dette?

– Då eg tok hovudfag i matematikk, var vi berre to kvinner. Lenge fanst det éin kvinneleg professor. Ei av scenene i romanen er teken frå første gong eg skulle vere gruppelærar på universitetet. Eg prøvde å skape ei ledig stemning, sette meg på ein pult, dingla med føtene. Så kom ein eldre mann inn døra. Men han vende seg til den eldste mannlege eleven og ikkje til meg.

– Kva trur du det kjem av?

– Eg trur det sit langt inne for enkelte menn å godta at kvinner kan matematikk. Dei er stort sett flinke til å støtte opp om kvinnene, men eg trur haldninga framleis eksisterer. Eg vart meir medviten om historikken då eg tok til å lese om livet til Sofja Kovalevskaja. Ho gifte seg pro forma for å få reise ut og studere matematikk. Universitetsdørene var stengde for kvinner, og ho marsjerte inn på kontoret til den tyske matematikaren Karl Weierstrass og kravde å få lære. Men det gjekk rykte om forholdet til Karl Weierstrass, ein meinte at han stod bak arbeidet hennar. Ho vart isolert i Stockholm då ho endeleg fekk professoratet, og fekk ikkje plass nokon annan stad. I dag er vi fødde i eit samfunn der ein kan velje nesten det ein vil. Samstundes er det tungt å velje eit yrke der ein veit ein er i mindretal.

– Kva kan ein gjere?

– Då eg framleis arbeidde som matematikar, snakka ein om radikal innkvotering av kvinner. Kanskje er eg påverka av mannsmiljøet, men eg trur at å ta inn kvinner koste kva det koste vil, kan skape eit negativt blikk, at kvinna er svakare. Eg trur òg det står dårleg til med sjølvtilliten blant kvinner som vil studere matematikk. Rollemodellar er viktige, og dei siste åra har det matematiske miljøet vore flinke på kvinnelege mentorordningar. Det hjelper.

Havberg og Hveberg

Klara Hveberg vaks opp i ein heim der dei løyste tankenøtter på radioen på laurdagen, og begge foreldra arbeidde med tal. Ho spelte fiolin og reiste til Oslo for å studere matematikk. Det gjer hovudpersonen i boka òg.

– Er du Rakel Havberg?

– Nei. Eg tenkjer på Rakel som ein mørk tvilling. Ho har dei same byggjeklossane som eg, men eg stablar klossane annleis. Eg ville at Rakel skulle oppleve noko eg ikkje har opplevd. Ho har større talent for misforståingar og forsnakkingar, og vert så ivrig at det går over styr.

Hveberg fortel at ho, Rakel Havberg og Sofja Kovalevskaja har einsemda felles. For med å vere eit veslevakse og tenksamt barn fylgjer utanforskapen.

– Ein er heile tida i utakt. At mor mi ikkje var norsk, og eg difor såg annleis ut, verka òg inn. Eg trur mange vil tenkje på boka som ein kjærleiksroman. Eg har tenkt på henne som ein einsemdsroman, seier Hveberg.

Ho vart forskar hjå Centre of Mathematics for Applications ved Universitetet i Oslo. Så måtte ho gje opp matematikken.

– Det var tungt. Eg fekk ein kraftig virusinfeksjon som ikkje gjekk over, og vart utmatta i 1999. Eg klarte doktorgraden med god tilrettelegging. Sensorar stilte opp på ein dags varsel, og eg fekk ei forskarstilling sjølv om eg berre vart dårlegare. Eg kneip meg fast i jobben i lang tid, men matematikken krev at ein er klar i hovudet, seier Hveberg.

Ein arbeidsdagen var å kome seg på kontoret og leggje seg på pulten.

– Og møte opp til lunsj berre så nokon skulle sjå at eg var der, seier ho.

I 2007 vart ho heilt sjukmeld. Ho skreiv førsteutkastet til romanen i ein god periode i 2013. Ho melde seg på eit forfattarkurs med Jan Kjærstad og fekk gode kritikkar.

– Det var først då eg vart sjuk, eg vart verkeleg isolert. Då eg fekk Rakel, vart eg mindre einsam. Og i romanarbeidet vart eg kjend med genuint litteraturinteresserte menneske.

– Sjølv om du er sjuk, har du fått til to av dei tre F-ane, forskar og forfattar. Kva vil du med livet ditt?

– Eg vil gjerne bety noko for andre. Det har vore mest vondt. Så lenge eg var lærar, kunne eg gje av kunnskapen min til elevane. Når det ikkje lenger gjekk, måtte eg reise heim til familien min, og eg låg sjuk der i mange år. Når ein er så sjuk, er det ingen som ventar at ein skal vere nokon stad. Eg må greie å gje livet mitt meining. Ikkje berre for meg, men for andre òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur det sit langt inne for enkelte menn å godta at kvinner kan matematikk.

Klara Hveberg, matematikar og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis