Kultur

I fotefara til Gustav Vigeland

Tettstaden Vigeland vekkjer nyfikna. 

  

«Sjøormen Lukas» er utskoren av Lukas Kubiak i 2020, inspirert av skildringane til presten Peder Claussøn Friis.
Publisert Sist oppdatert

Det var tilfeldig at eg stoppa i Vigeland. Eg var på turné i Agder i regi av Den kulturelle skulesekken. No skulle eg undervise på barneskulen Nyplass og hadde nokre timar til overs. Eg bestemte meg derfor for å stå opp tidleg for å vitje denne tettstaden som kunstnarbrørne Gustav og Emanuel Vigeland har namnet sitt frå. 

Familien budde eigentleg i Mandal, men etter at faren tok til å drikke, budde gutane i lange periodar hos morfaren i Vigeland. Den gongen heitte brørne Thorsen. Denne staden gjorde slikt inntrykk at begge endra namn til Vigeland.

Sjøorm ved Sparkjøp

Då eg parkerte ved sida av Sparkjøp på Vigeland ein tidleg, iskald tysdagsmorgon, undra eg meg først over korleis eg skulle få til å bruke tre timar på denne vesle plassen. Men eg kom knapt ut av bilen før nyfikna var kveikt. 

Rett ved meg bukta ein lang sjøorm seg over plenen. Eg gjekk nærare, såg at han var laga i tre, og var vel utskoren. Medan eg grunda på kven som hadde forma denne fantasifiguren, fekk eg auge på ei byste av ein gammal mann. Nasen var uvanleg stor, han var elles tynn i andletet, med ei fin og høg panne. 

På etiketten stod det at dette var eit portrett av bygdekunstnaren Tarald Louen, signert sjølvaste Gustav Vigeland (1869–1943). Kvifor hadde den kjende kunstnaren foreviga nettopp denne mannen, og kvifor hadde tettstaden Vigeland gjeve denne skulpturen ei slik sentral plassering? For eg såg at eg stod ved inngangen til kulturhuset.

Skulpturhagen

Då eg runda framsida av kulturhuset, fekk eg hakeslepp. Her var ein hage fylt av skulpturar. Blikkfanget var den høge skulpturgruppa «Far og datter» av Gustav Vigeland. Samspelet mellom dei to vitnar om ei tid med heilt andre tankar kring oppseding: Faren har eit hardt grep om haka til den vevre jenta, medan ho klamrar seg til handa hans. Dette er ei underleg samanfletting av tukt og omsorg, samstundes praktfullt utforma. Anatomien sit, same kva side ein granskar figuren frå.

Dei andre skulpturane i hagen er laga av Arne Vigeland, eit kunstnarnamn som var ukjent for meg. Ei stor kråke i bronse skottar ned frå ein høg sokkel, resten av figurane er i mindre format, nokre så små at ein må setje seg på huk for å sjå. Arbeida til Arne Vigeland er noko stivare i utforminga enn dei av Gustav Vigeland. Dette er sjølvsagt ei urettferdig samanlikning, sjølv om dei deler etternamn. Samstundes har dyre- og menneskeskildringane til Arne Vigeland stor sjarm. Særleg hjortedyra er gode i forma, og likesom kviler i seg sjølve.

Tarald Louen (1826–1901) var treskjerar og den første læraren til Gustav Vigeland. Gustav Vigeland modellerte bysta på husmannsplassen Herstøl i 1897.

Då kulturhuset opna, gjekk eg til bibliotekavdelinga. Her fann eg fleire brosjyrar om Arne Vigeland. Dei forklarte at han var sonen til eit av søskenbarna til Gustav, ein såkalla fillenevø. 

Arne Vigeland (1900–1983) var fødd i desse traktene, men flytta tidleg til Oslo for å ta kunstutdanning parallelt med arbeid i Postverket. Heller ikkje som ferdig utdanna kunstnar sleppte han taket i brødjobben, og hadde fast stilling i Postverket parallelt med ein særs produktiv kunstnarkarriere. 

Arne tok fleire studieturar nedover Europa, og han var like oppteken av å teikne skisser i dyrehagane som i kunstmusea. Han testamenterte ein stor del av arbeida sine til Kristiansand kommune. I 2011 fekk denne samlinga faktisk permanent plass i kjellaren av dette kulturhuset. Då eg spurde bibliotekarane, fekk eg vite at det berre var å gå ned, her er det alltid ope for besøkjande.

Ein skog av gips

I kjellaren var det heilt mørkt. Då eg omsider fekk på lyset, stokk det i meg: Mengder av gipsskulpturar fylte hyllene langs veggane, og eit fjell av skulpturar danna eit overdådig tablå midt på golvet. Her var heile 280 skulpturar, frå små figurinar til store hjortar, bjørnar og menneskeskapnader, alt saman forma av Arne Vigeland. 

I desse unike omgjevnadene er det plassert ein verkstad for barn, slik at dei kan arbeide med skulptur, grafikk og andre kunstformer omkransa av skulpturar. Kva annan kulturskule kan stille opp med ein så inspirerande arbeidsstad?

Ope magasin

Kjellaren viser seg å vere svært stor. Resten av arealet er innreidd som ope magasin for Lindesnes bygdemuseum, og rommar det meste av samlinga på om lag 2500 gjenstandar, alt frå tekstilar til gardsreiskapar, snikkarverktøy og gjenstandar frå kysttradisjonen – for å nemne noko.

Her fann eg også ut kven han var, den eldre mannen som har fått portrettet sitt plassert ved inngangen til kulturhuset. Tarald Louen (1826–1901) var treskjerar og den første læraren til Gustav Vigeland. 

Alt frå Gustav var kring ti år gammal, tok morfaren han med til den vesle husmannsstova på Hærstøl, der Tarald Louen budde med familien sin. 

Stova ligg ein times fottur oppover ei skogkledd skråning frå sentrum av Vigeland. 

Det vaks fram eit miljø for trearbeid ut av den vesle husmannsplassen. I det opne magasinet er det utstilt gjenstandar som Tarald har skore, detaljerte, ledige i forma, mellom anna eit lok dekorert med små fabeldyr i midten. Arbeida til Tarald ligg side om side med treskurd av dei mange av elevane han hadde, mellom anna eit skrin som Gustav Vigeland laga i ungdommen, sirleg dekorert med smekre akantusblad.

På Kulturtorvet Lindesnes heng ein heil vegg med grafikk laga av Gustav Vigeland.

Galleri Gustav Vigeland

Etter ei stund kom ein av bibliotekarane ned til meg og bad meg vere med ho opp i andre etasje. Der var det ei fast utstilling med arbeid av Gustav Vigeland. Salen vert kalla Galleri Gustav Vigeland og kunne vore retteleg så staseleg om han ikkje var fylt til randa av møblar for møteverksemd. 

Peder Claussøn Friis (1545-1614) av Gustav Vigeland, oppført i 1935. Friis var prest i Valle kyrkje på Vigeland.

Det gjorde likevel stort inntrykk å sjå ein heil vegg fylt med tresnitt som er deponerte frå Vigelandmuseet i Oslo. Her har kunstnaren skildra menneske både i samspel og i kamp med naturen, i spennet mellom heilt kvardagslege syslar som bading i skjergarden til heroiske og symbolske manifestasjonar, som folkemengda som klatrar oppover ein knaus, for å stupe ut i sjøen på den andre sida.

På motsett side stod glasmontrar med byster i gips, også desse av Gustav Vigeland. Mellom portrett av velkjende forfattarar som Jonas Lie og Henrik Ibsen fann vi ei skildring av den yngste broren Emanuel, som også vart kunstnar. Emanuel var 21 år gammal då han vart portrettert, og kunstnaren har fanga korleis dei siste mjuke og barnlege trekka er i ferd med å sleppe taket, og ei fastare og meir mogen form trer fram.

Uteområdet

Eg fekk tips om at det var mange fleire skulpturar i sjølve tettstaden og nedover mot elva. Der var det mange skulpturar av Arne Vigeland, og rundkøyringa ved elva er pryda av ein skulptur med ei akrobatisk form, signert tysk-norske Uwe Wenk-Wolff (1929–2009), som budde i Lindesnes frå 1964. 

Den fem meter høge skulpturen viser tre unge kvinner som står på skuldrene til kvarandre. Dei er så elegante og spenstige i utforminga at dette må vere ei av dei finaste rundkøyringane i landet.

Loket på eit treskrin, utskore av Tarald Louen.

Går ein over Audnaelva, kjem ein til Valle kyrkje frå 1792, der Gustav Vigeland vart konfirmert. Utanfor prestegarden står nok ein dramatisk skulptur av Gustav Vigeland: presten Peder Claussøn Friis i ferd med å kyle ein helgenstatue ned i elva. 

I dag veit vi at Peder Claussøn Friis (1545–1614) slett ikkje var nokon fundamentalistisk bildestormar, og at han vert verdsett for dei mange omsetjingane av norrøn litteratur, og især av kongesagaene til Snorre.

Her var endå meir å sjå, men eg måtte til slutt styrte til bilen for å rekke undervisninga. Det er ikkje måte på kor mange skulpturar det er på denne staden.