Diktet

I diktet «Eit gult lys i fjøsen» stig generasjonane fram frå gløymselen
 

Publisert Sist oppdatert

For ei tid tilbake kom eg over eit dikt av Hilde Myklebust. Diktet tok tak i meg. Kvifor er vanskeleg å forklare, men det var ein augneblink av noko eg hadde sett, men ikkje heilt oppdaga.

Hilde Myklebust? Eg søker på namnet hennar. Der står det at ho er fødd i 1979 og kjem frå Syltedalen i Vanylven. Ho kjem med andre ord frå Møre og Romsdal, frå mitt eige fylke. Kan det ha betydning for mi begeistring? Eller er det oppveksten på ein gard som er grunnen? Kanskje litt? Men eg trur det er andre grunnar.

Diktet hennar er universelt. Det er som ei kort scene i ein film og har noko latinsk ved seg. Er det glimt frå ein liten landsby i Italia eller ein enkel heim i Afrika? Ein stad i Mongolia?

I diktet stig generasjonane fram frå gløymselen. Dei kjem frå alle verdas kantar og er eit bilete på dei som gjekk stien framføre oss og framleis gjer seg gjeldande.

For meg som musikar skrik ikkje dette diktet etter lyd og musikk. Langt derifrå. Det er ikkje ei stemme som trengjer seg på og vil fortelje oss kor viktig det er med slekt og historie. Vi kan høyre lyd frå tippoldefaren som bygde fjøset og smidde trenaglar, men det er ikkje det vesentlege. Det er stilla. Det er stilla som rår. Og i stilla legg dei stille frå seg arbeidet når eg kjem.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement