I september–oktober 1922 kunne César Vallejo (1892–1938) hente 200 eksemplar av diktsamlinga Trilce frå trykkjeriet i Lima i Peru. Han la ut boka i visse bokhandlar i byen, og nære vener og kollegaer fekk boka i gåve.
Boka, på 121 sider, med 77 dikt markerte med romartal, hadde forord av Antenor Orrego, ein studiekamerat frå universitetet i provinshovudstaden Trujillo på kysten nord for Lima. Han og mange av kameratane til Vallejo i gruppa Bohemia de Trujillo skjøna raskt at dei stod overfor vågale eksperiment i spanskspråkleg poesi, og Vallejo vart der heidra som litterær nyvinnar.
Stoda vart ei anna i Lima, der lesarar og kritikarar vart forvirra av eit tittelord som ikkje fanst i ordbøkene, trilce, og mange reagerte med aggressiv uforstand framfor tekstar som dei opplevde som meiningslause og uforståelege. Ein ung og søkjande forfattar møtte gamalmodig og normativ kritikk, og kritikarane vann, diverre.
Ein sentral kritikar skreiv i november 1922 at Vallejo var ein trollmannsdiktar som fekk han til å kjempe fåfengt med diktsamlinga, der forvirringa auka for kvart vers, og der undringa auka med kvar side. Dette var også eit varsel om kritikken i Lima, som ville sjå på Vallejo som ein av desse som må tole åtak og latterleggjering.
Vallejo reiste til Paris i mai 1923 og kom aldri heim att. Trilce gjekk i gløymeboka og vart ikkje kjend i Peru og omverda før ei ny utgåve vart prenta av spanske diktarkollegaer i Madrid i 1930. I Spania kom også Vallejos Poemas humanos (Menneskedikt) ut posthumt i 1939, og samlinga España, aparta de mí este cáliz (Spania, ta denne kalken frå meg) kom ut der i 1939. Då var nok Vallejo betre kjend blant republikanarar i Spania enn blant kritikarar i Lima.
30–40 år seinare ville enkja hans gje ut nye tekstar av Vallejo i Lima, og han fekk ei blømingstid der, i Latin-Amerika, og blant kritikarar i USA og Europa. Vallejo skreiv ofte at hundre år måtte gå før ein kunne seie noko om poesiens overlevingskraft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.