Hundekøyraren

Portrettfoto av Leonhard Seppala med parkas, teke av Leonid Fink i Seattle i 1930. Biletet er frå den private samlinga til dotterdotter til Seppala, Maja Kristin.
Portrettfoto av Leonhard Seppala med parkas, teke av Leonid Fink i Seattle i 1930. Biletet er frå den private samlinga til dotterdotter til Seppala, Maja Kristin.
Publisert

Leonhard Seppala (1877–1967) var smeden som freista bli gullmillionær, men heller vart verdas beste til å køyre hundespann. Han emigrerte frå Nord-Noreg til Alaska under gullrushet i 1900, vart sett til å trene opp Roald Amundsens sledehundar og blei kjend for human handsaming av hundar i ei tid da det var vanleg å tukte fram lydnad med pisk og slag.

Kva var den viktigaste ekspedisjonen hans?

I 1925 blei det gjennomført ein stafett med hundekøyring for å frakte serum inn til landsbyen Nome i Alaska, som stod føre ein dødeleg difteriepidemi. Tjue hundespann deltok. Seppala med leiarhunden Togo tok den lengste og farlegaste strekninga, medan Gunnar Kaasen og leiarhunden Balto tok siste etappe. Medieinteressa vart enorm. Kaasen og Balto blei nasjonale heltar, og Balto fekk eigen statue i New York Citys Central Park. Seppala mislikte at pressa rota med namn, distansar og merittar i iveren etter å dekke saka.

Kva meinte han om samtida?

Det var kan hende ikkje så rart at kvenen Seppala emigrerte frå Nord-Troms til USA like etter at Tromsø Stiftstidene skreiv følgjande: «Om hvorledes Lapper og Kvæner skal gjøres til Nordmænd. Det relative Forhold mellem Nordmænd og Lapper (samt Kvæner) har i hele dette Aarhundrede omtrent uafbrudt ændret sig til Nordmændenes Fordel. Folk søndenfra føler sig frapperet over den store Rolle, det Unorske, Fremmedartede spiller i Finmarken. Men det kommer deraf, at de ikke ved, hvor meget værre det har været før.»

Kva innverknad hadde han på ettertida?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement