Hoppemannen
Han er ikkje skapt for å sitje slik, og til veka er det oldboyskamp, den kan han berre gløyme.
Arild har alltid vore spretten og likt å halde seg i aktivitet. Når han dreg kona Doris med seg på turar og ei grind dukkar opp, skrevar han ikkje over eller opnar grinda, han tek sats og hoppar. Arild er ein hoppemann som tek to trinn om gongen i trapper og spring og ordnar med noko rundt dørene heile tida.
Doris høyrer skriket heilt inn og skundar seg ut og finn Arild liggjande på belegningssteinane ved sida av tilhengaren. Han har reparert den eine karmen og skulle berre hoppe ned, men landa forkjært og klarer ikkje reise seg.
Med hjelp av ein nabo får Doris Arild til legevakta. Det endar med gipsa ankel og krykkjer, og i verste fall kan det ta tolv veker før han kan gå normalt. Arild hinkar seg opp trappa og inn i stova. Han set krykkjene frå seg oppetter stolen, men dei dett i golvet. Doris legg eit par puter under foten, og Arild sit og tenkjer på alt som skulle vore gjort.
Han er ikkje skapt for å sitje slik, og til veka er det oldboyskamp, den kan han berre gløyme. Det er dårleg nytt. Arild ser på seg sjølv som ein nøkkelspelar. Ikkje berre ein bauta på høgrebacken som stig til vêrs og stangar vekk alle innlegg, men tryggleiken sjølv på straffespark og ein konstant trussel når han går fram på cornerar.
Snart er det tida for å gjere huset klart for vinteren, og garasjen skulle vore rydda slik at dei kan få inn bilen. Arild fryktar at han endar som ein haltepink.
Eldste broren Trond Oscar stikk innom og spør om det er noko han skal hjelpe med. Belegningssteinane skulle vore reinska og spylte, men det er heilt uaktuelt å setje Trond Oscar til den oppgåva. Arild er vel eigentleg skeptisk til å setje Trond Oscar til noko som helst. Iallfall ikkje høgtrykksspyling, han ville sikkert ha halde strålen for nær og spylt vekk sanden mellom steinane slik at dei losnar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.