JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Hoppemannen

Han er ikkje skapt for å sitje slik, og til veka er det oldboyskamp, den kan han berre gløyme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3052
20230929
3052
20230929

Arild har alltid vore spretten og likt å halde seg i aktivitet. Når han dreg kona Doris med seg på turar og ei grind dukkar opp, skrevar han ikkje over eller opnar grinda, han tek sats og hoppar. Arild er ein hoppemann som tek to trinn om gongen i trapper og spring og ordnar med noko rundt dørene heile tida.

Doris høyrer skriket heilt inn og skundar seg ut og finn Arild liggjande på belegningssteinane ved sida av tilhengaren. Han har reparert den eine karmen og skulle berre hoppe ned, men landa forkjært og klarer ikkje reise seg.

Med hjelp av ein nabo får Doris Arild til legevakta. Det endar med gipsa ankel og krykkjer, og i verste fall kan det ta tolv veker før han kan gå normalt. Arild hinkar seg opp trappa og inn i stova. Han set krykkjene frå seg oppetter stolen, men dei dett i golvet. Doris legg eit par puter under foten, og Arild sit og tenkjer på alt som skulle vore gjort.

Han er ikkje skapt for å sitje slik, og til veka er det oldboyskamp, den kan han berre gløyme. Det er dårleg nytt. Arild ser på seg sjølv som ein nøkkelspelar. Ikkje berre ein bauta på høgrebacken som stig til vêrs og stangar vekk alle innlegg, men tryggleiken sjølv på straffespark og ein konstant trussel når han går fram på cornerar.

Snart er det tida for å gjere huset klart for vinteren, og garasjen skulle vore rydda slik at dei kan få inn bilen. Arild fryktar at han endar som ein haltepink.

Eldste broren Trond Oscar stikk innom og spør om det er noko han skal hjelpe med. Belegningssteinane skulle vore reinska og spylte, men det er heilt uaktuelt å setje Trond Oscar til den oppgåva. Arild er vel eigentleg skeptisk til å setje Trond Oscar til noko som helst. Iallfall ikkje høgtrykksspyling, han ville sikkert ha halde strålen for nær og spylt vekk sanden mellom steinane slik at dei losnar.

– Nei, det er ikkje noko spesielt eg treng hjelp med, seier Arild.

Trond Oscar blir sitjande, og Arild får heile historia om då han knekte armen i 2012.

– Det var fæle greier. Du er heldig som berre har knekt beinet og har to armar som fungerer. Eg kunne ikkje gjere nokon ting og måtte ha hjelp til å kle på meg. Det var vanskeleg å gå på do og heilt umogleg å bruke kniv og gaffel, seier han.

– Nei, du skal berre vere glad du knekte beinet og ikkje ein arm. Då blir ein heilt hjelpelaus. Men du må passe på; ein kollega på jobben som knekte beinet, køyrde berre på sjølv om han fekk beskjed om ta det med ro. Han heiv krykkjene altfor tidleg og er enno ikkje god i det beinet, og no byrjar det å bli mange år sidan.

Etter at Trond Oscar endeleg forsvinn, ringjer Arild trenaren til oldboyslaget og fortel at han ikkje kan spele kamp på tysdag.

Det ser mørkt ut no, om han må slutte å hoppe og i tillegg mistar plassen på laget.

Det er høgrebeinet han tek sats med, og utan det blir det vanskeleg å komme høgt nok opp for å krige om ballen.

Kanskje kan han trene opp venstrebeinet? Eller byrje å hoppe litt meir med samla bein?

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis